Indikatorrapporten

Internasjonale samanlikningar av innovasjonsevne

Internasjonalt eksisterer det ei rekke målingar og rangeringar av innovasjonsevne og konkurransedyktigheit. Tabell 6.5a gir ei oversikt over nokon av dei mest kjende.

Rangeringane blir til på bakgrunn av ei rekke ulike målingar som så blir rekna om til ein samla poengsum. Slike komposittindikatorar gjer kompliserte forhold enklare med mål om å få fram samanlikningar. Dei har likevel nokre klare avgrensingar. Til dømes er ofte samleindikatorane ikkje vekta, noko som gjer at dei ikkje tek omsyn til at nokre av enkeltindikatorane kan vere viktigare enn andre når ein ser på kor innovativt eit land faktisk er. Tabellen viser at plasseringa i landa varierer noko, avhengig av land- og indikatorutval, vekting og andre metodiske forhold. Derfor er det nyttig å sjå på fleire ulike rangeringar. Sjølv om målingane og rangeringane inkluderer viktige indikatorar for innovasjonsevne og konkurransedyktigheit, er det mange forhold som ikkje er inkluderte og andre som igjen er vanskelege å måle eller kvantifisere.

Tabell 6.5a Norsk rangering i ulike indikatorsystem for innovasjon, konkurranseevne, utdanningsnivå og levekår. 2023–2026. 

 

Topp tre, siste utgåve

Noregs rangering

 

 

2026

2025

2024

2023

European Innovation Scoreboard1 

1. Sveits

10

9

7

8

2. Sverige

3. Danmark

Global Innovation Index

1. Sveits

21

20

21

19

2. Sverige

3. USA

Innovation Indicator2

1. Sveits

-

16

16

12

2. Singapore

3. Danmark

The Global Talent Competitiveness Index

1. Singapore

-

7

7

7

2. Sveits

3. Danmark

World Happiness Report

1. Finland

6

7

7

7

2. Island

3. Danmark

Sustainable Development Report

1. Finland

4

7

7

7

2. Sweden

3. Danmark

Human Development Report

1. Island

-

2

2

 

2. Noreg

2. Sveits

World Bank BNP per innbyggjar, PPP$

1. Singapore

-

63

7

7

2. Luxembourg

3. Irland

1 Frå samanlikninga mellom EU-medlemmer og europeiske naboland.

2 Rangering for innovasjonsevne (Innovation Capability). Rapporten inneheld også rangeringar for sentrale teknologiar (Key Technologies) og berekraft (Sustainability).

3 Bermuda manglar data for 2025, men har i førre år lege over Noreg.

I lista over indikatorar vist over, er nokon meir direkte relaterte til innovasjon enn andre. På innovasjonsindeksane ligg Noreg litt bak teten og stort sett bak dei såkalla barometerlanda. Barometerlanda er dei nordiske landa Danmark, Finland og Sverige, i tillegg til Nederland og Austerrike. Les meir om barometerlanda her.

European Innovation Scoreboard

EU-kommisjonen gir kvart år ut ei oversikt over sentrale indikatorar for innovasjon i det såkalla European Innovation Scoreboard (EIS) (European Commission: Directorate-general for Research and Innovation, 2026). Formålet med denne er at enkeltland skal kunne vurdere relative styrkar og svakheiter i dei nasjonale innovasjonssystema sine. Dei skal i tillegg kunne identifisere utfordringar ved hjelp av eit breitt utval indikatorar knytte til innovasjonsevne.

Noreg er ein sterk innovatør

Basert på samleindeksen i EIS blir landa grupperte i fire kategoriar: innovasjonsleiarar («innovation leaders», med poengsum over 125 prosent av EU-gjennomsnittet), sterke innovatørar («strong innovators», 100–125), moderate innovatørar («moderate innovators», 70–100) og framveksande innovatørar («emerging innovators», under 70).

Med ein samleindeks som er 141,3 prosent av EU-gjennomsnittet i 2026 er det Sveits som tronar øvst i samanlikninga mellom EU27 og dei europeiske nabolanda. Deretter følgjer Sverige (139), Danmark (134,7), Storbritannia (130,5) og Nederland (127,4). Det var dei same landa som toppa lista i 2025. Desse fem landa utgjer innovasjonsleiarane i 2026.

I 2026 vart Noreg rangert som nummer ti, éin plass ned frå året før. Med ein poengsum på 115,7 ligg Noreg 15,7 prosent over EU-gjennomsnittet. Noreg blir dermed plassert i gruppa sterke innovatørar saman med landa Finland, Belgia, Irland, Luxemburg, Austerrike, Tyskland, Frankrike, Island, Estland og Malta.

Frå 2025 til 2026 har Noreg hatt ein nedgang i samleindeksen på 1,5 prosentpoeng. Også i 2025 vart ein nedgang observert, så denne trenden(?)held altså fram. Samanlikna med 2019 er derimot utviklinga litt meir positiv. Noreg har etter 2019 hatt ein vekst på 7,4 prosentpoeng, noko som er omtrent på linje med barometerlanda, men likevel svakare enn gjennomsnittet i EU. EU-gjennomsnittet har auka med 11,6 prosentpoeng sidan 2019. Auken på 1,7 prosentpoeng mellom 2025 og 2026 er den nest sterkaste årlege veksten i perioden.

Figur 6.5a Landenes plassering i European Innovation Scoreboard (EIS) 2026 etter samleindeks. EU27 (2026) = 100. Kart.

Kjelde: European Innovation Scoreboard 2026

Noregs styrkar og svakheiter

På dimensjonsnivå gjer Noreg det særleg godt på koplingar («linkages»), med ein poengsum på 236,7 prosent av EU-gjennomsnittet. Dette er den nest høgaste poengsummen for landa i EU27 og nabolanda. Dei tre enkeltindikatorane som inngår i denne dimensjonen er innovative små og mellomstore bedrifter som samarbeider med andre, offentleg-privat sampublisering og jobb-til-jobb-mobilitet for menneskelege ressursar i vitskap og teknologi (HRST).

Dårlegast gjer Noreg det på dimensjonen intellektuelle eigedelar der poengsummen er 49,1 prosent av gjennomsnittet. Her blir Noreg rangert som nummer 30 av dei 39 landa som blir samanlikna. Denne dimensjonen er basert på enkeltindikatorane for Patent Cooperation Treaty (PCT) patentsøknader, varemerkesøknader og designsøknader.

Sidan 2019 har Noreg hatt ei positiv utvikling innanfor sju av dei 12 dimensjonane. Aller mest positiv har utviklinga vore for digitalisering (+57,4) medan innovatør-dimensjonen har gått mest ned (-22,1).

Figur 6.5b Samleindeks og dimensjonar i European Innovation Scoreboard (EIS) for Noreg. Poengsum i prosent av EU-gjennomsnittet i 2026 (EU27 = 100).

Kjelde: European Innovation Scoreboard 2026

Dei ulike dimensjonane er som nemnde baserte på to–tre ulike enkeltindikatorar. Dersom vi ser på enkeltindikatorane kvar for seg, skårar Noreg i 2026 særleg godt på offentleg-privat sampublikasjon (464,6 prosent av EU-gjennomsnittet), internasjonal vitskapleg sampublikasjon (258,2 prosent) og innovative små og mellomstore bedrifter som samarbeider med andre (228,3 prosent). Størst positiv utvikling sidan 2019 har Noreg hatt innanfor ressursproduktivitet, internasjonal vitskapleg sampublikasjon og offentleg-privat sampublikasjon.

Svakast er Noreg i 2026 på eksport av medie- og høgteknologiske produkt (2,6 prosent av EU-gjennomsnittet i 2026), denne gongen likevel over null. Noreg er også svake på design- (13,3 prosent) og varemerkesøknader (41,8 prosent). Indikatoren eksport av medie- og høgteknologiske produkt er eit mål på delen av eit lands totale eksportverdi som kjem frå medie- og høgteknologiske produkt. Denne delen er svært låg på grunn av den høge verdien av norsk eksport av petroleum og sjømat. Størst nedgang sidan 2019 ser vi innanfor FoU-utgifter i offentleg sektor, patentsøknader og små og mellomstore bedrifter med produktinnovasjon.

Sør-Korea på topp blant globale konkurrentar

Blant dei globale konkurrentane er det Sør-Korea som har høgast poengsum, med ein samleindeks på 121,9 relativt til EU i 2026[1]. Det plasserer Sør-Korea i gruppa sterke innovatørar, men altså ikkje heilt på topp. Nest høgast poengsum har Kina (107,4) som saman med Canada (107,2), Australia (105,8) og USA (100,9) også skårar høgare enn EU-gjennomsnittet og er plassert i gruppa sterke innovatørar. Det mest påfallande i rapporten i år når det gjeld dei globale konkurrentane, er likevel at USA har hatt ein sterk nedgang i samleindeksen frå 2025 (-6,1 prosentpoeng), eit tydeleg trendbrot som medfører at veksten sidan 2019 nesten er viska ut.

Sidan 2019 har Kina, Sør-Korea og Australia hatt høgare vekst enn EU27. Aller høgast har veksten vore i Kina, med 37,6 prosentpoeng[2], medan EU har vakse med 11,6 prosentpoeng. Det betyr at desse tre landa aukar avstanden ned til EU-gjennomsnittet. Samtidig minkar avstanden EU har til Canada og USA. Blant dei globale konkurrentane som ligg bak EU er det berre Japan som har hatt ein (marginalt) høgare vekst enn EU sidan 2019. EU har altså auka avstanden til Brasil, Sør-Afrika, India, Chile og Mexico.

Figur 6.5c European Innovation Scoreboard (EIS) samleindeks for globale konkurrentar. EU27 (2026) = 100. Kart.

Kjelde: European Innovation Scoreboard 2026

Regional Innovation Scoreboard

EU-kommisjonens «Regional Innovation Scoreboard» (RIS) er ei utviding av EIS i den forstand at ho ser på indikatorane[3] på regionnivå i kvart av landa. For Noreg sin del er det snakk om seks regionar: Oslo og Viken, Nord-Noreg, Innlandet, Vestlandet, Trøndelag og Agder og Sør-Austlandet.

Slik det er med EIS, blir regionane grupperte i fire ulike kategoriar etter samleindeks: som innovasjonsleiarar, sterke innovatørar, moderate innovatørar og framveksande innovatørar. I tillegg deler ein kvar kategori her opp i tre undernivå: +, - og nøytral. Til saman blir det altså 12 nivå.

Svakast vekst i Trøndelag

Alle dei seks norske regionane har i 2025[4] ein samleindeks som er høgare enn EU-gjennomsnittet. Oslo og Viken skårar høgast med ein samleindeks på 135,8 og blir plassert i kategorien innovasjonsleiar, medan Trøndelag skårar 130,7 og blir plassert i kategorien innovasjonsleiar. Med det blir Oslo og Viken rangerte som nummer 14 og Trøndelag som nummer 23 av totalt 241 regionar. Deretter kjem Vestlandet som med 119,9 poeng er i kategorien sterk innovatør+. Både Nord-Noreg (115,5) og Agder og Sør-Austlandet (112,2) hamnar i kategorien sterke innovatørar medan Innlandet med 104,2 poeng hamnar i kategorien sterk innovatør.

Veksten sidan 2018 har lege på 13–15 prosentpoeng for alle dei norske regionane med unntak av Trøndelag som har utvikla seg noko svakare.

Figur 6.5d Norske regionars Regional Innovation Scoreboard samleindeks. EU27 (2025) = 100.

Kjelde: Regional Innovation Scoreboard 2025

Dei mest innovative regionane i Europa i 2025 er Stockholm, følgt av København, London, Zürich og Oberbayern i Tyskland. Faktisk er alle dei 50 mest innovative regionane i Nord- og Vest-Europa, nærare bestemt i Belgia, Danmark, Finland, Frankrike, Tyskland, Irland, Nederland, Noreg, Sverige, Sveits og Storbritannia. Regionane som ligg nedst i rangeringa finn vi først og fremst i Sentral-, Aust- og Sør-Europa.

Global Innovation Index

Global Innovation Index (GII) kjem ut årleg av World Intellectual Property Organization (WIPO). Basert på ei samling av det som i 2026 er 79 ulike indikatorar [5] blir rangert innovasjonsevna i 139 av landa i verda.

Indikatorane er fordelte på sju ulike «søyler»: 1) institusjonar, 2) menneskelege ressursar og forsking, 3) infrastruktur, 4) marknadsmodnad, 5) næringslivsmodnad, 6) kunnskaps- og teknologisk produksjon og 7) kreativ produksjon.

Indikatorane i dei fem første søylene blir rekna som målingar av innsatsfaktorar («input») medan indikatorane i dei to siste søylene blir rekna som resultatmålingar («output»).

I tillegg er dei 100 sterkaste innovasjonsklyngene i verda lista opp i rapporten. Denne rangeringa er basert på lokaliseringa av patentsøknader, vitskaplege publikasjonar og – frå og med 2025 – avtalar om risikokapital. Rangeringa tek likevel ikkje omsyn til administrative einingar[6].

GII rangerte i 2026 Noreg som nummer 21 av 139 land etter samleindeksen sin (World Intellectual Property Organization (WIPO), 2025)​. Det er ned éi plassering frå i fjor, men same plassering som i 2024.

Dei siste ti åra har Noregs plassering på denne rangeringa endra seg lite og lege nokså stabilt rundt ein 20. plass. Det same har Austerrikes plassering. Rangeringa for Finland, Danmark og Nederland har vore noko høgare. Generelt har desse vorte rangerte blant dei ti beste, medan Sverige dei aller fleste åra er rangert som nummer to etter Sveits. Det same er tilfellet i 2026.

Noregs resultat blir vurdert til å vere på nivå med det som kan ventast etter utviklingsnivået i landet. Det same gjeld Austerrike, medan dei andre barometerlanda gjer det betre enn venta.  

Ser vi nærare på rangeringa for kvar av søylene, ser vi at Noregs styrke er innanfor infrastruktur. Det er særleg enkeltindikatorane for elektrisitetsproduksjon per innbyggjar og del av energiforbruk frå lågkarbonkjelder som tel positivt her. Noreg blir også høgt rangert i søyla institusjonar. Her tel rettsstaten positivt saman med offentleg effektivitet og stabile rammevilkår for næringslivet.

I det heile blir Noreg rangert betre på innsatsfaktorar enn på resultat, sjølv om rapporten reknar Noreg som eitt av landa som har eit balansert system innanfor desse dimensjonane.

I 2025 kom Noreg for første gong inn på lista over land der dei 100 største innovasjonsklyngene ligg. Den norske klynga ligg i Oslo og blir rangert i 2026 som nummer 89 av 100, ned frå 85 året før. Alle barometerlanda har innovasjonsklynger inne på lista, Sverige og Nederland med to klynger kvar og Danmark, Finland og Austerrike med éin kvar. For fjerde året på rad er det Kina som har det høgaste talet på innovasjonsklynger (25) inne blant dei 100 største, medan USA kjem på andreplass (20).

Andre indikatorar

Noreg nedst blant nordiske land i tysk rangering

Den tyske Innovation Indicator-rapporten (Frietsch, et al., 2024) dekkjer 35 land og har tre ulike rangeringar: éin for innovasjonsevne, éin for sentrale teknologiar og éin for berekraft. Den siste utgåva kom i 2024. Då rangerte indikatoren for innovasjonsevne Sveits på topp med 71 poeng og Noreg på 16. plass med 37 poeng. Alle barometerlanda blir rangert høgare enn Noreg på denne indikatoren. Særleg Danmark gjer det bra (68 poeng). Det gjeld også dei to andre rangeringane, sentrale teknologiar og berekraft, der Noreg vart rangert høvesvis som nummer 18 og 11.

Noreg skårar høgt på levekår og lykke, men Sveits og Finland er på topp

Blant rangeringane som er tekne med i tabell 6.5a, er det fleire som berre er indirekte relaterte til innovasjon. Her omtaler vi kort to av dei. For begge rangeringane er siste utgåve frå 2025.

Noreg låg lenge på førsteplass på FNs Human Development Indeks (UNDP, 2025). I 2020 låg Noreg framleis på topp, men måtte i 2022 sjå seg slått av Sveits. Også i 2025-rapporten ligg Noreg på andreplass, med same poengsum som Sveits, medan det er Island som har overteke førsteplassen.

Etter å ha vorte rangert som nummer éin i World Happiness Report i 2017, har Noregs plassering gått ned til sjuande plass i 2025 (Happier Lives Institute, 2025) (Helliwell, et al., 2025). Det er same plassering som i 2024, men éin plass opp frå resultatet i 2022-rapporten. Sidan 2018 er det Finland som har teke topplasseringa i denne rangeringa. Dei andre nordiske landa gjer det også svært godt.

Notar:

[1] På grunn av datatilgang blir berre 19 av indikatorane brukte i samanlikninga med dei globale konkurrentane. Poengsummane kan dermed ikkje samanliknast direkte med dei som er nemnde over som blir baserte på eit større datasett.

[2] Noko av Kinas sterke auke dei siste åra kjem av at nye data om direkte og indirekte offentleg støtte av FoU i næringslivet har vorte tilgjengelege.

[3] Ettersom det manglar regionale data, nyttar RIS berre 23 av indikatorane frå EIS.

[4] RIS blir berre oppdatert annakvart år. Siste oppdatering er basert på 2025-utgåva av EIS.

[5] Indikatorsettet er endra frå 2025 ved at ein indikator er fjerna og to nye lagde til.

[6] Eksempelvis følgjer ikkje klynga vi har gitt namnet København tidlegare i denne teksten bygrensene i den administrative eininga København og blir i staden omtalte i RIS som Hovudstaden.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. november 2026, kl. 09.09 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.