Indikatorrapporten
Publisert 18. sep. 2025
FoU-statistikken for helseføretaka
Bakgrunn og omfang: det underliggjande målesystemet
FoU-statistikken for helseføretaka byggjer på materiale frå eit eige målesystem for ressursbruk til forsking og utviklingsarbeid (FoU) som er utvikla for spesialisthelsetenesta, det vil seie helseføretak og private, ideelle sjukehus.
Målesystemet vart etablert på initiativ frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) og dei regionale helseføretaka (RHF) etter at staten overtok ansvaret for spesialisthelsetenesta frå 2002. Ei pilotundersøking vart gjennomført for året 2005 i regi av det dåverande Helse Sør RHF. NIFU hadde ansvaret for ressursmålingane frå 2007, og frå 2022 vart ansvaret overført til SSB.
Endra periode
Det er gjennomført årlege ressursmålingar frå og med rekneskapsåret 2006 til og med 2017. Deretter er målingane gjennomførte annakvart år, nærare bestemt i oddetalsår, synkront med FoU-statistikken for universitets- og høgskulesektoren. I mellomliggjande år, det vil seie i 2024 og 2026, vil tala for helseføretaka byggje på berekningar, baserte på tilgjengeleg materiale. Neste vanlege måling vil gjelde 2025.
Samordning med FoU-statistikken
Ressursmålingane for 2005 og 2006 dekte berre forsking. Frå og med 2007 vart målingane utvida til også å omfatte utviklingsarbeid. Dermed dekte målesystemet i prinsippet all ressursbruk til FoU i spesialisthelsetenesta og vart samordna med resten av FoU-statistikken.
Det vart produsert FoU-statistikk for spesialisthelsetenesta også før 2007. Universitetssjukehus vart dekte av FoU-undersøkingane av universitets- og høgskulesektoren, medan estimat for andre sjukehus, basert på spesialundersøkingar, inngjekk i instituttsektorstatistikken. Metodane gav antakeleg ei underestimering av FoU-volumet i helseføretaka, men var samtidig dei beste tilgjengelege metodane før spesialisthelsetenesta vart omorganisert og det nye målesystemet vart etablert.
I rapportering av resultat frå FoU-statistikken til internasjonale organ – OECD og Eurostat – blir einingane klassifiserte i samsvar med internasjonale retningslinjer for utarbeiding av FoU-statistikk (Frascati-manualen, OECD 2015). Helseføretak med universitetssjukehusfunksjon eller universitetssjukehus blir klassifisert i universitets- og høgskulesektoren («Higher education sector»), medan andre helseføretak og private, ideelle sjukehus blir rekna saman med offentleg sektor («Government sector»). Offentleg sektor omfattar store delar av den norske instituttsektoren, under dette FoU utført i offentlege organ. Sjå meir nærare om internasjonal FoU-statistikk og sektorinndeling i kapittel 2 i rapporten.
Kor mange einingar inngår?
Målesystemet dekkjer i prinsippet alle FoU-utførande einingar i spesialisthelsetenesta i Noreg. I alt rapporterte 46 einingar at dei hadde utført FoU i 2023 då den seinaste, ordinære undersøkinga vart gjennomført. Av desse var 26 organiserte som helseføretak og av desse igjen var seks godkjende universitetssjukehus. Dei andre 20 einingane som rapporterte om FoU-aktivitet i 2023, var private, ideelle sjukehus som hadde driftsavtale med eit RHF. Dei fire RHF-ane inngår også i målesystemet. Private, kommersielle sjukehus inngår derimot ikkje, men blir rekna til næringslivet.
Korleis gjer ein datainnsamlingar og berekningar?
I dei vanlege ressursmålingane frå oddetalsåra, det vil seie 2019, 2021, 2023 osb., blir nettbaserte spørjeskjema brukt med retningslinjer og definisjonar. Dei blir sendt til regionale helseføretak, helseføretak og private, ideelle sjukehus. Frå og med 2008-årsgangen er det dessutan innhenta personalopplysningar frå alle aktuelle helseføretak og private, ideelle sjukehus til Forskarpersonalregisteret. Materialet blir kontrollert og rapporteringseiningane blir kontakta ved urimelege oppgåver, misforståingar, feil eller større endringar som manglar forklaring frå tidlegare år. Deretter blir hovudtal sendt til kontaktpersonar i RHF-ane for kvalitetssjekk.
Det underliggjande målesystemet er lagt opp i tråd med rekneskapsprinsippet. Det er derfor stilt tilleggsspørsmål om avskrivingane i år og investeringane i år for å kunne rekne om økonomitala og presentere dei etter kontantprinsippet, som ligg til grunn i FoU-statistisk samanheng.
Ein hovudforskjell på dei to prinsippa er at i samsvar med kontantprinsippet skal alle anskaffingar avskrivast fullt ut i anskaffingsåret, medan dei etter rekneskapsprinsippet kan fordelast på fleire år etter gjeldande avskrivingsreglar.
For å rekne om rapportert materiale til kontantprinsippet har vi valt å bruke ein forholdsvis grov tilnærming, som inneber at avskrivingane i år blir trekte ut av driftskostnadene. Til driftskostnader, eksklusive avskrivingar, blir lagde så investeringane i år. Som mål for investeringar blir anskaffingsverdien brukt for varige driftsmiddel, det vil seie utstyr, instrument, bygg og anlegg med vidare. I vedlegget i rapporten blir separate tabellsett presenterte for dei to rekneskapsprinsippa. Avhengig av forholdet mellom avskrivingar og investeringar vil det kunne oppstå avvik mellom dei to, særleg i år der det blir løyvd midlar til større byggjeprosjekt.
Kvaliteten på oppgåvene
Kvaliteten på dataa har vorte stadig betre, etter kvart som helseføretaka har tilrettelagt for målingane i dei interne systema og rutinane sine. Data frå tidlege årgangar blir likevel ikkje reviderte, så det bør utvisast aktsemd ved samanlikningar tilbake i tid.
Arbeidet med å forbetre og vidareutvikle målesystemet går føre seg kontinuerleg og er forankra i sektoren. Ein viktig arena er den såkalla Ressursgruppa. Gruppa er utnemnd av strategigruppa til RHF-ane for forsking, som er referansegruppe for det underliggjande målesystemet. Ressursgruppa er ei permanent vidareføring av ei arbeidsgruppe leidd av Anne Husebekk. Gruppa skal hjelpe til i arbeidet med å forbetre og vidareutvikle målesystemet. Ho har representantar frå alle RHF-ane og observatørar frå Forskingsrådet, dei medisinske fakulteta ved universiteta og Helsedirektoratet. Gruppa har så langt komme med fire innstillingar som har gitt endringar i målesystemet.
Forslag til endringar og forbetringar av FoU-statistikken kjem også fram gjennom brukarmøtet for FoU-statistikken som blir halden i forkant av undersøkingane, det vil seie med representantar for brukarar langt utover helseføretaksektoren.
Data for mellomliggjande år
Ettersom ressursmålingane er vedtekne gjennomførte annakvart år, blir det gjort berekningar av hovudtal for mellomliggjande år. Det gjeld til dømes 2022-årsgangen som er sentral i denne utgåva av Indikatorrapporten. Hovudkjelda for berekningane er rekneskapane til dei regionale helseføretaka og helseføretaka, der dei er pålagde å utarbeide eigne notar om forsking.
Rekneskapane til RHF-ane dekkjer om lag 95 prosent av FoU-ressursane i sektoren og gir eit relativt godt grunnlag for å generalisere til spesialisthelsetenesta totalt. Fordelingar på institusjonstypar, kostnadstypar, årsverkskategoriar osb. blir i hovudsak baserte på den sist tilgjengelege ressursmålinga.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. mai 2026, kl. 16.05 CEST