Indikatorrapporten

Mangfald blant forskarar

I dette kapitelet ser vi nærare på mangfaldet blant FoU-personale i Noreg, særleg ved norske forskingsinstitusjonar. Vi vil presentere statistikk med utgangspunkt i fleire sentrale aspekt ved mangfaldsomgrepet, sjå nokre av desse i figur 3.2.a. Figuren illustrerer korleis ulike aspekt kan påverke kvarandre og skape komplekse former for urettferd eller privilegium. I Noreg har vi god statistikk om mellom anna kjønnsbalanse, fagområde, alder, landbakgrunn og sosial bakgrunn. Sjå omtale av tilgjengeleg statistikk i ein eigen faktaboks.

Figur 3.2a Aspekt ved mangfaldsomgrepet.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Jamn kjønnsbalanse blant forskarane i akademia

Figur 3.2b viser utviklinga blant kvinnene i forskarpersonale fordelt på sektor dei siste tiåra. På starten av 1990-talet sto kvinnene for 24 prosent av forskarstillingane i universitets- og høgskulesektoren og 20 prosent i instituttsektoren. Lågast var delen kvinner blant forskarane i næringslivet, berre 14 prosent i 1991.

I dag utgjer dei kvinnelege forskarane ein mykje større del av forskarpopulasjonen. Sidan 2018 har kvinnene stått for minst halvparten av forskarstillingane i universitets- og høgskulesektoren, 53 prosent i 2024. Dette er også sektoren med høgast tal kvinnelege forskarar. Kvinnene nærmar seg også halvparten i instituttsektoren, med 47 prosent kvinner blant forskarane i 2024. I næringslivet har veksten vore svakare i same periode, og utviklinga har vore omtrent flat dei siste åra. Sidan 2007 har kvinnene stått for mellom 20 og 24 prosent av forskarpersonalet i næringslivet.

Figur 3.2b Talet på kvinner og del kvinner blant forskarar og fagleg personale etter sektor. 1989–2024.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, tabell 13520

Få kvinner innan realfag

Det er store forskjellar i kjønnsbalansen blant fagområda, sjå figur 3.2c. I universitets- og høgskulesektoren og instituttsektoren er kvinnelege forskarar framleis i mindretal innan realfaga, særleg innan teknologi, medan kjønnsfordelinga er jamnare innan humaniora og kunstfag og samfunnsvitskap. Medisin og helsefag har lenge vore dominert av kvinner, og i 2024 utgjorde dei 63 prosent av forskarane.

Figur 3.2c Del kvinner blant forskarar/fagleg personale i universitets- og høgskulesektoren og instituttsektor etter fagområde. 2011–2024.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, tabell 13944

Stabilt nivå forskarar med innvandrarbakgrunn

Norsk akademia er del av ein internasjonal arbeidsmarknad med forskarar frå heile verda. I 2024 hadde 36 prosent av forskarane i norsk akademia innvandrarbakgrunn, sjå figur 3.2d. Personar med innvandrarbakgrunn omfattar her innvandrarar (utanlands fødde med to utanlandske foreldre) og norskfødde med innvandrarforeldre. Norskfødde med innvandrarforeldre er framleis ei svært lita gruppe i forskarpersonalet, difor ser vi dei gjerne i samanheng med innvandrarar når vi ser på utviklinga blant forskarane over tid. Sjå SSBs standard for gruppering av personar etter innvandringsbakgrunn.

Dei siste åra viser ei stabil utvikling med svak auke i del forskarar med innvandrarbakgrunn. Samstundes som talet forskarar med innvandrarbakgrunn har auka alle år bortsett frå i 2024, har talet forskarar utan innvandrarbakgrunn gått ned etter 2021.

Figur 3.2d Tal forskarar/fagleg personale etter innvandringskategori og del med innvandrarbakgrunn. 2007–2024. 

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, tabell 13920

Mange forskarar med innvandrarbakgrunn innan realfag

Nesten halvparten av forskarane med innvandrarbakgrunn i akademia jobbar innan naturvitskap og teknologi. Dette er også fagområdet med størst innslag av forskarar med innvandrarbakgrunn, 51 prosent i 2024. Innan humaniora og kunstfag og medisin og helsefag var tilsvarande del 30 og 26 prosent same år.

Figur 3.2e Del forskarar/fagleg personale etter innvandringskategori og fagområde. 2024.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, tabell 13921

Forskarar/fagleg personale med innvandrarbakgrunn er ulikt representert innan dei forskjellege stillingsnivå i akademia, sjå forklaring av stillingsnivå under. Forskarar med innvandrarbakgrunn utgjer 74 prosent av personalet i postdoktor-stilling og 48 prosent av stipendiatane i 2024. Blant stillingsnivå 1 og 2 utgjer denne gruppa 34 prosent, 17 prosent blant stillingsnivå 3.

I næringslivet hadde 17 prosent av FoU-personalet med høgare grads utdanning utanlandsk statsborgarskap i 2023. Denne delen har auka dei siste åra, frå 13 prosent i 2018. SSB publiserer ikkje 2024-tal for utanlandske statsborgarar i næringslivets FoU-personale, men ein kan lese fleire detaljar om 2023-tala i fjorårets utgåve av Indikatorrapporten, kapittel 3.2.

To av tre forskarar har foreldre med høgare utdanning

For befolkninga totalt har 32 prosent foreldre med utdanning på universitets- og høgskulenivå i 2024. Blant personar med høg utdanning og blant studentar i universitets- og høgskuleutdanning har ein endå større del foreldre med høgare utdanning, høvesvis 47 og 62 prosent. Blant forskarar/fagleg personale i akademia er delen endå høgare, sjå figur 3.2f. Heile 67 prosent har foreldre med utdanning på universitets- og høgskulenivå (lang og kort) i 2024. Denne delen har auka over tid, samstundes som utdanningsnivået i befolkninga totalt har blitt høgare.

Her er personar der vi manglar opplysningar om forelderens utdanningsnivå helde utanfor. Det gjeld 34 prosent av forskarar/fagleg personale i akademia og svarar til delen forskarar med utanlandsk landbakgrunn.

Figur 3.2f Forskarar/fagleg personale etter foreldra sitt utdanningsnivå i universitets- og høgskulesektoren og instituttsektoren. 2012–2024.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, tabell 14278

I Statistisk sentralbyrå si tidsbruksundersøking til det vitskaplege personalet for 2024–2025 vart ikkje-norske statsborgarar spurt om foreldres utdanningsnivå. Dette har gjeve ny innsikt om internasjonale forskarar sin sosiale bakgrunn. Resultata viser at ein like stor del av dei ikkje-norske forskarane har foreldre med høgare utdanning (lang og kort) som dei norske, 67 prosent.

Ein skilnad mellom dei norske og ikkje-norske forskarane finn vi i delen som har foreldre med lang høgare utdanning (over 4 år). Blant dei norske gjeld dette 32 prosent av forskarane i 2024, blant ikkje-norske forskarar som svarte på tidsbruksundersøkinga i 2025 var det 45 prosent av forskarane som hadde minst en forelder med lang høgare utdanning.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. mai 2026, kl. 15.08 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.