Indikatorrapporten
Publisert 18. sep. 2025
FoU-statistikken for instituttsektoren
Om instituttsektoren
Instituttsektoren er ein svært samansett sektor. Han består av institusjonar med stor variasjon i organisasjonsform, fagleg innretning, arbeidsoppgåver, brukarar, finansiering og historisk bakgrunn. Eit fellestrekk ved einingane er at dei ikkje betaler utbytte og at dei organisatorisk ikkje sorterer direkte under ein lærestad. I praksis betyr dette at forskingseiningar som ikkje høyrer naturleg til universitet, høgskular eller næringslivet, blir rekna som ein del av instituttsektoren.
Kva einingar blir dekte av undersøkinga?
FoU-undersøkinga i instituttsektoren dekkjer i prinsippet alle einingar som ikkje inngår i dei to andre sektorane og som har eit FoU-innslag av ein viss storleik. Undersøkingseiningane er kvart enkelt institutt eller institusjonane. I 2024 omfatta undersøkinga om lag 135 einingar, inkludert helseføretak utan universitetsfunksjonar og private, ideelle sjukehus.
I tillegg kjem mange museum, der FoU-ressursane i hovudsak blir berekna.
Kva einingar som inngår i instituttsektoren, har variert noko over tid som følgje av omorganiseringar og flytting av einingar mellom dei FoU-utførande sektorane. Blant større endringar i sektortilhøyrsel kan nemnast Uni Research AS (frå 2018 del av NORCE), som vart flytta til instituttsektoren frå universitets- og høgskulesektoren i 2009. I 2014 vart to samfunnsvitskaplege institutt, Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) og Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA), del av Høgskolen i Oslo og Akershus (OsloMet – storbyuniversitetetet frå 2018). Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) og Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) vart fusjonert inn ved same lærestad i 2016.
Innhenting av data
Data til FoU-statistikken blir rapportert årleg av kvar enkelt FoU-utførande institusjon. Forskingsinstitutt som er underlagde Retningslinjer for statleg grunnløyving til forskingsinstitutt og forskingskonsern, rapporterer FoU-statistikk som ein eigen modul i institutta sin årlege rapportering av nøkkeltal til Forskingsrådet. Andre institusjonar med FoU får eit spørjeskjema som avgrensar seg til FoU-aktiviteten, medan sjukehusa får spørjeskjema tilpassa målesystemet for helseføretaka.
Til støtte for utfyllinga av spørjeskjemaa følgjer rettleiingar med definisjonar. SSB deltek dessutan i dialog med institutta om avgrensing av FoU-omgrepet og andre spørsmål. Alle svar blir kontrollerte opp mot tidlegare oppgåver, årsmeldingane til einingane og annan tilgjengeleg informasjon. Eventuelle feil, misforståingar og ting som måtte vere uklåre blir følgt opp overfor oppgåvegivarane.
Instituttsektoren består av eit relativt avgrensa tal på einingar, noko som gjer det praktisk mogleg å følgje opp manglande rapportering. Svarprosenten ligg av den grunn som regel tett opp under 100 prosent.
FoU-statistikk på fylkesnivå
I instituttsektoren er det fleire verksemder med hovudkontor i eitt fylke som har avdelingar i andre fylke. I slike tilfelle er aktiviteten fordelt på fylke ved hjelp av fordelingsnøklar rapportert av kvar verksemd.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 1. juni 2026, kl. 08.05 CEST