Administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit, attvald som president i Science Europe. Ho har hatt vervet sidan 2023 og er den første norske leiaren i organisasjonen, som samlar 41 europeiske forskningsfinansiører og forskingsutførande organisasjonar.
No får 19 forskingsprosjekt rundt om i Noreg gode nyheiter: Dei får til saman 203 millionar til forsking som skal gje banebrytande ny kunnskap. Alle prosjekta held svært høg vitskapleg kvalitet, og forskarane har sjølve bestemt kva dei vil forske på.
Forskingsrådet avviklar rundsumsats for finansiering av forskartid og stipendiatar i universitets- og høgskulesektoren og i helseføretaka. Faktiske personal- og indirekte kostnader vil frå no av vere grunnlaget for berekning av prosjektstøtte. Endringane blir innførte for nye utlysingar i 2026.
Forskingsrådet tilrår i budsjettforslaget for 2027 eit stort løft i den norske forskingsinnsatsen. Nye og komplekse samfunnsutfordringar krev meir kunnskap, auka innovasjon og sterkare internasjonalt samarbeid.
Fire nye forskerskoler og 19 forskernettverk får nå støtte til å følge opp nylig gjennomførte fagevalueringer.
Styret i Forskingsrådet har godkjent ein ny og oppdatert plan for kjønnsbalanse, kjønnsperspektiv og mangfald. Planen markerer eit viktig steg for å styrkje likestilling og inkludering i norsk forsking.
Så langt i år er det tildelt 45 millionar kroner til 92 kvalifiseringsprosjekt som skal ta i bruk kunnskap for å skape verdiar for samfunn og næringsliv. Nytt i år er at delar av budsjettet til kommersialisering er øyremerkte prosjekt som baserer seg på banebrytande, grunnleggjande forsking, med høg risiko og stor vitskapleg ambisjon.
Forskingsrådet tilrår full norsk tilknyting til EUs nye rammeprogram for forsking og innovasjon og til den nye gigantsatsinga på konkurranseevne.
I vår lanserte regjeringa ei ordning for å gjere det enklare for norske forskingsmiljø å rekruttere forskarar frå andre land. I august fekk dei første forskarane tilslag. No kjem 13 nye forskarar til Noreg gjennom ordninga.
Kunnskap, forskning og teknologi har fått økt betydning for nasjonal sikkerhet. Nå skal syv etater samarbeide tettere om å ivareta åpenhet og sikkerhet i kunnskapssektoren.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. november 2025, kl. 15.42 CET