Spør KI-samtaleroboten vår

Vi støttar DORA

Kvalitet på forsking og forskarars prestasjonar bør vurderast ut frå fleire dimensjonar enn publikasjonar. Derfor støttar Forskingsrådet "The San Fransisco Declaration on Research Assessment" – DORA-erklæringa.

I 2018 signerte vi DORA. Erklæringa inneheld eit sett av tilrådingar om god praksis for kvalitetsvurderingar. Her oppmodar ein til ikkje å leggje innverknadsfaktoren til tidsskrifta til grunn når prosjektfinansiering blir tildelt eller ved tilsetjingar og opprykk. I staden skal fagleg kvalitet og oppnådde forskingsresultat vurderast på eit breiare grunnlag med vekt på innhaldet.

Ideen om å skrive erklæringa vart utvikla i 2012 under årsmøtet til "American Society for Cell Biology" i San Francisco for å motverke "teljekulturen", med eit for einsidig søkelys på kva innverknad tidsskrifta har på dette, i tillegg til andre kvantitative mål.

DORA er i dag eit verdsomspennande initiativ som dekkjer alle vitskaplege disiplinar og alle viktige interessentar. Dette inkluderer dei som finansierer forskinga, forlag, akademiske foreiningar, institusjonar og forskarar.

Forskingsrådet har innarbeidd DORAs tilrådingar i vurderingskriteria våre:

  • Når eit panel vurderer ein prosjektsøknad, er CV og merittar til prosjektleiaren og prosjektgruppa berre ein del av vurderinga, og ikkje den viktigaste. Vi legg vekt på at ekspertane først og fremst skal vurdere innhaldet i sjølve prosjektet.
  • Vi oppmodar ekspertane til ikkje å leggje vekt på talet på publikasjonar, men å sjå på lista over dei ti publikasjonane forskarane sjølv listar opp som mest relevante.
  • Vi har tilpassa CV-malane våre for å gjere det enklare å inkludere andre forskingsresultat i tillegg til publikasjonar – til dømes datasett, programvare, aktivitetar med samfunnspåverknad osb.
  • "Journal impact factor" skal ikkje brukast.

Vi jobbar vidare med å sjå på korleis verkemidlane våre knytt til evaluering av forsking og vurdering av prosjektsøknader skal vere i tråd med DORA. 

Vi deltek i tillegg i relevante forum nasjonalt og internasjonalt.

Vi har også delteke i eit arbeid leidd av Universitets- og høgskulerådet med å utarbeide ein rettleiar ("NOR-Cam-Norwegian Career Assessment Matrix") for meir fleksibel vurdering av akademiske karriereløp. Det skal kunne brukast ved tilsetjingar, opprykk og finansiering.

Vi er i gang med å sjå på korleis rettleiaren kan implementerast, og dette gjer vi i dialog med miljøa.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. desember 2024, kl. 10.07 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.