Samfunnsoppdraga for berekraftig fôr og sirkulær økonomi styrkjer samarbeidet
Dei to samfunnsoppdraga har fleire felles utfordringar og ambisjonar. Derfor styrkjer vi no samarbeidet mellom desse for å skape ein meir berekraftig og ressurseffektiv bioøkonomi.

Det faglege grunnlaget for samarbeidet er openbert. Delmål 3 i samfunnsoppdraget om sirkulær økonomi fell saman med fleire av tiltaka som vart foreslått i rapporten frå samfunnsoppdraget om berekraftig fôr i 2025. For det handlar jo i det store og heile om å utnytte biologiske ressursar mykje betre enn i dag, å utvikle nye verdikjeder og å skape større verdiar av ressursar som i dag ikkje blir fullt ut brukte. Her har Noreg eit stort potensial!

Samarbeidet har allereie resultert i fleire felles aktivitetar. Nyleg var begge med på prosjektmøtet til kapasitetsløftet Biosirkel, der forskingsmiljø, næringsliv og forvaltning frå Vestlandet møttest for å diskutere korleis Noreg kan utvikle ein meir sirkulær bioøkonomi.
Samarbeidet strekkjer seg også utover landegrensene. Representantar frå begge samfunnsoppdrag deltok nyleg i OECDs arbeid med samfunnsoppdrag i Paris.
Internasjonale møteplassar som dette gir verdifull innsikt i korleis ulike land globalt arbeider med samfunnsoppdrag som verkemiddel for omstilling. Dei understrekar dessutan betydninga av å sjå berekraftig fôr og det sirkulæret i samanheng.

Eit anna konkret samarbeidsområde er arbeidet med å utvikle ei oversikt over relevante FoU-verkemiddel. Vi håpar at ei slik oversikt skal gjere det enklare for næringsliv, forskingsmiljø og andre aktørar å finne fram til ordningar som kan bidra til å realisere nye prosjekt og løysingar.
I tida framover vil dei to samfunnsoppdraga ha ei rekke felles møte med ulike aktørar. Målet er å styrkje dialogen på tvers av sektorar, identifisere synergiar og bidra til betre koordinering av innsatsen.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. oktober 2026, kl. 13.16 CET