Porteføljestyra våre
Forskingsrådet har 16 porteføljestyre. Kvart enkelt av dei har ansvaret for å gjere investeringar innanfor ei eller fleire prioriteringane våre.
Dei har også ansvaret for å følgje med på investeringar som er innanfor heile porteføljeområdet sitt, sjølv om det her er andre porteføljestyre som tek dei endelege avgjerdene. Porteføljestyret har også ansvaret for å bidra til internasjonalisering, mellom anna gjennom EUs rammeprogram for forsking og innovasjon.
Porteføljestyret skal gi råd til administrerande direktør om korleis porteføljane skal følgjast opp på eit overordna nivå, i tillegg til reint faglege råd innanfor ansvarsområdet sitt. Porteføljestyret skal fordele midlane i tråd med korleis Forskingsrådets styre har disponert dei. Målet med porteføljestyringa er å få meir føreseielege utlysingar av Forskingsråds-midlar og best moglege prosjektporteføljar innanfor kvart porteføljestyre sitt ansvarsområde.
Porteføljestyra har vanlegvis ti-tolv medlemmar som blir oppnemnde for fire år av gongen. Vi har porteføljestyre for
- Demokrati, styring og fornyelse
- Energi, transport og lavutslipp
- Global utvikling og internasjonale relasjoner
- Hav
- Helse
- Humaniora og samfunnsvitenskap
- Industri og tjenestenæringer
- Klima- og polarforskning
- Landbasert mat, miljø og bioressurser
- Livsvitenskap
- Muliggjørende teknologier
- Naturvitenskap og teknologi
- Petroleum
- Utdanning og kompetanse
- Velferd, kultur og samfunn
- Samisk
Meldinger ved utskriftstidspunkt 31. mars 2023, 10.33 CEST