Porteføljer
Den totale porteføljen vår består av alle dei prosjekta vi finansierer og prosjekt med finansiering frå kjelder vi har ansvar for å mobilisere søkjarar til, slik som EU. Porteføljestyring handlar om å styre denne totale porteføljen strategisk og heilskapleg for å støtte prosjekta som samla sett best oppnår måla våre.
Vi har delt arbeidet vårt med investeringar inn i 11 porteføljar. Kvar portefølje har eit styre med ansvar for å investere i prosjekt innanfor sitt porteføljeområde. Dei har også eit rådgivingsansvar og skal rapportere til Forskingsrådets styre.