Noregs forskingsråd (kortform Forskingsrådet) er eit statleg norsk forvaltningsorgan som finansierer forskings- og innovasjonsprosjekt. På vegne av regjeringa investerer Forskingsrådet (per 2022) 11,4 milliardar kroner årleg.

Forskingsrådet har ansvar for å fremje grunn- og anvend forsking og innovasjon. Dette blir gjort gjennom å forvalte forskingsmidlar og ved å gi råd til styresmaktene om forskingspolitikk, blant anna gjennom forslag til forskingsbudsjett i statsbudsjettet.

Forskingsrådet skal framme internasjonalt forskings- og innovasjonssamarbeid, og har blant anna ei rekkje ordningar for å mobilisere norske søkjarar til EUs forskings- og innovasjonsprogram. Andre oppgåver er å bidra til samarbeid mellom forskarar, næringsliv, offentleg sektor, forvaltning og andre brukarar av forskingsresultat.

Forskingsrådet vart oppretta i 1993 ved samanslåing av fem ulike tidlegare oppretta forskingsråd, og hadde i 2023 ca. 360 tilsette.

Våre verdiar

  • Framtidsretta: Vi leitar kontinuerleg etter betre løysingar som forenklar kvardagen for brukarar og tilsette.
  • Ansvarleg: Vi er ryddige og pålitelege i forvaltninga vår, og i møte med partnarar og kollegaer. Våre val skal vere til det beste for samfunnet.
  • Tydeleg: Vi er tydelege i våre råd, og ærlege i kommunikasjonen vår. Vi engasjerer oss på eksterne arenaer, og bidreg til å synleggjera betydninga på forskinga.
  • Engasjert: Vi engasjerer oss i dei utfordringane som verda står overfor og rettar aktivitetane våre mot å drive fram idear, forsking og innovasjon verda treng.

blei tildelt Forskingsrådet i forsking og innovasjon i 2022

11,4milliardar kroner

Meldinger ved utskriftstidspunkt 31. mai 2023, 02:01 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.