Mari Sundli Tveit

Administrerande direktør

Mari Sundli Tveit er direktør for Noregs forskingsråd. Ho har tidlegare vore rektor ved NMBU, direktør for politikk i NHO og styreleiar for Universitets- og høgskulerådet. Sundli Tveit er professor i landskapsarkitektur og sit i styret for Global Research Council og Science Europe.

Område for forskingssystemet og internasjonalisering

Benedicte Løseth

Områdedirektør - Forskingssystemet og internasjonalisering

Løseth har hovudfag i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen og ein mastergrad i leiing frå NHH. Ho har tidlegare vore seksjonsleiar for høgare utdanning og forsking i Norsk senter for forskingsdata, seksjonssjef i Bergen Kommune og direktør ved forskings- og innovasjonsavdelinga ved Universitetet i Bergen. Løseth har brei leiarerfaring frå fleire sektorar. Ho har god kunnskap om forskings-, innovasjons- og høgare utdanningssystemet og har i ulike rollar jobba i skjeringspunktet mellom politikk, forvalting og forsking.

Fagleg innhald i området

I dette området forvaltar vi Forskingsrådets ansvar for utvikling av eit velfungerande forskingssystem. Vi har ansvaret for policyutvikling retta mot institutt- og UH-sektor, sektorsamspel og oppfølging av dei to store FoU-sektorane. 

Området har ansvar for sentrale sektorpolitiske saker som t.d. rekruttering, rammevilkår og dr. gradsutdanning, likestilling og mangfald, open forsking og internasjonalt forskingssamarbeid. 

Her ligg også ansvaret for dialogen med sektorane (leiinga i UH-institusjonane og institutta), UHR og FFA. 

Området har i tillegg ansvaret for fagutvikling og utvikling av ikkje-tematiske kvalitetsfremjande og strukturerande verkemiddel. Kilden kjønnsforsking, med mandat er også lagt til dette området.

Avdelinger i området

  • Forskings- og innovasjonssystemet
  • Forskingsdata og -infrastruktur
  • Internasjonalt samarbeid
  • Banebrytande forsking
  • Kilden kjønnsforsking

Område for innovasjon i næringsliv og offentleg sektor

Anne Kjersti Fahlvik

Områdedirektør - Innovasjon i næringsliv og offentleg sektor

Fahlvik har brei erfaring frå FoU- og innovasjonssystemet gjennom eigen forsking i Noreg og Sverige. Ho har hatt forskar- og leiarroller i farmasøytisk industri i Noreg og i USA, i tillegg til erfaring frå ein investorfinansiert startup innanfor medtech. Ho har vore i Forskingsrådet sidan 2006, har doktorgrad i farmakologi frå Universitetet i Oslo og er aktiv som foredragshaldar, evaluator, mentor og jurymedlem på norske og utanlandske innovasjons- og næringsarenaer.

Fagleg innhald i området

I dette området har vi ansvar for å fremje kunnskapsbasert innovasjon med bruk av FoU i næringsliv og offentleg sektor i heile landet. Vi har ansvaret for generelle verkemiddel for økt verdiskaping og innovasjonsevne i privat og offentleg sektor og samspelet mellom desse. 

I tillegg til dei generelle verkemidla for innovasjon i næringsliv og offentleg sektor, har området ansvaret for nyskaping og tidlegfase kommersialisering frå offentlege forskingsinstitusjonar, regionale ordningar og samspelet i det næringsretta verkemiddelapparatet.

Området har også ansvaret for tematiske og utfordringsorienterte satsingar innanfor helse og omsorg, samferdsel og maritim næring. I tillegg har vi ansvaret for kunstig intelligens og mogleggjerande og industrielle teknologiar.

Avdelinger i omådet

  • Nyskaping og regional utvikling
  • Mogleggjerande teknologiar
  • Helse og offentleg sektor
  • Transport og maritim
  • Industri og tenestenæringar

Område for berekraftig samfunnsutvikling

Eva Irene Falleth 

Områdedirektør - Berekraftig samfunnsutvikling

Falleth er utdanna frå Noregs Landbrukshøyskole (NMBU) som jordskiftekandidat, spesialisert i arealplanlegging og har doktorgrad frå NTNU. Ho har lang erfaring frå instituttsektoren og har arbeidd ved NMBU som professor i by- og regionsplanlegging, instituttleiar og dekan ved Fakultet for landskap og samfunn. Ho har også hatt ei rekkje styreverv.

Fagleg innhald i området

I dette området har vi ansvaret for tematiske og utfordringsorienterte satsingar på høvesvis grønt skifte og anna samfunnsutvikling. Innanfor grønt skifte finn vi ulike satsingar som har som mål å utvikle teknologi, løysingar og kunnskap for å omstille Noreg til det grøne skiftet. Denne omstillinga inneber omstilling og utvikling av norsk næringsliv på område der Noreg kan konkurrere med globale marknader. Dette må dessutan skje i tråd med omstilling av samfunnet med søkjelys på å løyse både klima- og naturkrisa. 

Området har også ansvaret for satsingar som har som mål å vidareutvikle Noreg som demokrati og velferdsstat. Utviklinga er avhengig av systematisk forsking og kunnskapsbygging som bidreg til ei vidareutvikling av samfunnet i ei verd som er prega av internasjonale relasjonar i endring, polarisering og press på velferdstaten også som følgje av overgangen til lågutsleppssamfunnet.

Avdelinger i området

  • Klima og miljø
  • Demokrati og internasjonale relasjonar
  • Velferd og utdanning
  • Hav og polar
  • Energi og energiomstilling
  • Mat og bioøkonomi

Område for investering, rådgiving og dialog

Jesper Werdelin Simonsen

Områdedirektør - Investering, rådgiving og dialog

Simonsen er norsk landbruksøkonom og har tidligare vore statssekretær for Miljødepartementet for partiet Venstre, forskingsdirektør i Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (no del av NIBIO) og forskar ved Noregs landbrukshøgskole (no NMBU). Han byrja i Forskingsrådet i 2000. Her har han tidligare også vore ansvarleg for helseforsking, global utvikling og samfunnsvitskapleg miljøforsking.

Fagleg innhald i området

I dette området har vi samla aktivitetar knytt til strategi- og policyutvikling, kommunikasjon, FoU-økonomi og investeringsprosessen. Analyse og kunnskapsgrunnlaget for norsk forsking ligg også til dette området. I dette ligg eit ansvar for strategisk utvikling og rådgiving i tråd med styringsdialogen frå myndigheitene og overordna politisk styring, i tillegg til Forskingsrådets styre sine prioriteringar.

Området skal også vere med på å utvikle kunnskapsgrunnlaget for både rådgiving, verkemiddelutvikling, porteføljestyring og rapportering. Ansvaret for FoU-budsjettforslag og -fordeling, økonomistyring av FoU og rekneskap/lønn er også plassert her. Budsjettering, oppfølging og rapportering på verksemdsbudsjettet ligg i område for verksemdsutvikling og drift. 

Området har ansvaret for strategisk kommunikasjon, mobilisering, identitet og innhald. Her har vi også ansvaret for at tilskotsforvaltninga vår skjer i samsvar med lovar og reglar: Vi har ansvaret for å leggje til rette for best mogleg gjennomføring av investeringsprosessar som skjer i og/eller på tvers av dei andre områda i organisasjonen, i tillegg til kontinuerleg utvikling og forbetring av desse prosessane.

Området har også ansvaret for å følge opp Forskingsrådets dataforvaltingstrategi.

Avdelinger i området

  • Strategi, rådgiving og samfunnsdialog
  • Investering og tilskotsforvaltning
  • Rekneskap og økonomistyring
  • Mobilisering og kommunikasjon
  • Dataforvaltning og analyse

Område for verksemdutvikling og drift

Tove Karin Stølen

Områdedirektør - Verksemdutvikling og drift

Stølen har jobba i Forskingsrådet sidan 2013 og har ansvaret for å medverke til ei heilskapleg samordning, styring og utvikling av Forskingsrådet som organisasjon. Tidligare har ho mellom anna vore direktør for Landbruksdirektoratet, underdirektør for Sosial- og helsedepartementet og avdelingsdirektør for Nasjonalbiblioteket, kor ho også var i toppleiargruppa.

Fagleg innhald i området

Området samlar alle aktivitetar knytte til utvikling og drift av Forskingsrådet som organisasjon. Området har ansvaret for digitalisering, IT-drift og IT-utvikling. Vi har også ansvaret for informasjonstryggleik, beredskap og arkiv/dokumentasjon. I tillegg jobbar vi med

  • husdrift, sentralbord og møtesenter
  • verksemdsstrategi og -budsjett, anskaffing, ressursplanlegging, kompetanse og internrapportering
  • personal- og lønnspolitikk, rekruttering og samarbeid med Samarbeidsutvalget og Arbeidsmiljøutvalget
  • drift og utvikling av kvalitetssystemet (internkontroll), risikostyring og GDPR
  • bistand innanfor juridiske problemstillingar, anskaffingar, tryggleik osb.  

Avdelinger i området

  • IKT og informasjons-sikkerheit
  • Verksemdstyring
  • HR, dokumentasjo og drift

Christian Haug-Moberg

Pressesjef

Haug-Moberg er ansvarleg for media- og samfunnsdialog og strategisk kommunikasjonsrådgiving i Forskingsrådet. Han har jobba i Forskingsrådet sidan 2016, og har blant anna vore avdelingsdirektør med ansvar for media- og samfunnsdialog og fungert i rolla som områdedirektør for kommunikasjon og brukarreise. Haug-Moberg er også nestleiar i styret til Forskning.no. Tidlegare har han leidd analyseavdelinga ved Forsvarets mediesenter.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 2. mars 2024, 04:14 CET

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 6. mars betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 kvardagene frå torsdag 29. februar til tysdag 5. mars kl. 08.00–15.45 og onsdag 6. mars kl. 08.00–13.00.