Kva gjer Forskingsrådet?
Forskingsrådet gjer den beste forskinga og innovasjonen mogleg. Vi jobbar for eit samfunn der forsking blir skapt, brukt og delt, og vi bidrar til omstilling og eit meir berekraftig samfunn.
Forskingsrådets visjonsfilm - Idékraft verda treng
På vegne av regjeringa investerer vi 11,4 milliardar kroner i året i forskings- og innovasjonsprosjekt. Oppgåva vår er å sikre at dei beste forskings- og innovasjonsprosjekta får finansiering.
1754 internasjonale fagekspertar vurderer og rangerer søknader på oppdrag frå oss. Beslutningar om tildeling blir tatt av porteføljestyra. Porteføljestyra består av 200 uavhengige styremedlemmar frå alle sektorar.
Vi skal ligge i front for å utvikle forsking av fremste kvalitet og av høg relevans.
Vi er den sentrale rådgivaren for myndigheitene i forskingspolitiske spørsmål og jobbar på oppdrag frå 15 departement. Verksemda vår er ei sentral brikke i regjeringas langtidsplan for forsking og høgre utdanning.
- Næringsliv: Forsking er ein viktig del av verktøykassa til norsk næringsliv. Vi har ulike finansieringsordningar for forskingsbasert innovasjon og kunnskapsbygging.
- Offentleg sektor: Vi bidrar til fornying og innovasjon i offentlege sektor gjennom ei rekke ordningar.
- Forskingsorganisasjonar: Forskingsorganisasjonar kan søke om finansiering innanfor alle relevante tema og fagfelt.
- Internasjonalt samarbeid: Vi arbeider for auka internasjonalt samarbeid og deltaking i EUs forskings- og innovasjonsprogram. Ni av ti norske søknadar om forskingsmidlar frå EU har fått støtte og rådgiving frå Forskingsrådet.
- Forskingskommunikasjon: Vi møter deg på Forskingsdagane, ein forskingsfestival som bidrar til at forskarar møter folk i heile landet, frå Hammerfest i nord til Mandal i sør. Vi har lært over 500 forskarar å formidle godt det dei jobbar med gjennom Forskar Grand Prix. Forskingsrådet fremjer også vitskapleg tenkning i samfunnet. Kvart år deltek tusenvis av norske skoleelevar i konkurransane Unge forskarar og Nysgjerrigper.
Vi er ca 360 tilsette som jobbar for å løyse samfunnsutfordringar og skape framtidas arbeidsplassar.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 31. mai 2023, 03:18 CEST