Bistand for offentlege og private aktørar til utlysing av forskingsmidlar og søknadsbehandling
Forskingsrådet investerer årleg rundt 10 milliardar offentlege forskingskroner. Vi har god innsikt i forskingsbehov og relevante aktørar, både nasjonalt og internasjonalt.
Forskingsrådet har bygd opp eit profesjonelt søknadsbehandlingsapparat og har eit utstrekt internasjonalt nettverk av nasjonale og internasjonale fagekspertar som vi brukar i prosessane våre.
Vi erfarer at det er etterspørsel etter system for uavhengig vurdering av prosjektsøknader gjennomført av ekspertar. Vi har difor samarbeid knytt til utlysinger og bistand til søknadsbehandling med fleire aktørar, både offentlege og private.
Kompetanse om utlysingar av forskingsmidlar og søknadsbehandling er krevjande for mange å bygge opp, både fagleg og økonomisk. Samtidig er dette ein av Forskingsrådets kjerneaktivitetar. Vi kan hjelpe andre aktørar med å sikre at det er dei beste og mest relevante forskarane som mottek forskingsmidlane dei ønskjer å investere i forsking. Vi kan også sikre at det er dei beste forskarane som får tilgang til forskingsinfrastruktur som private aktørar ønskjer å tilby. Gjennom det at vi tilbyr ein plattform for slike tenester, sikrar vi også ei enda betre oversikt over kapasiteten til forskingsmiljøa.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 7. november 2026, kl. 00.04 CET
Vakttelefon til søknadsfrist
Vakttelefonen +47 22 03 70 00 er open måndag 9. og tysdag 10. november kl. 08.00–15.45, og onsdag 11. november kl. 08.00–13.00.
Viktig informasjon
I tidsrommet frå kl. 18.00 fredag 6. november til kl. 23.00 laurdag 7. november planlegg vi ein oppdatering av søknadssystemet vårt. I denne perioden vil det periodevis vere stengt for innlogging, og du vil kunne oppleve ustabilitet. Vi beklagar ulempene dette fører med seg. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.