Prisutdelingar
Forskingsrådet deler årleg ut to prisar, kvar er på 500 000 kroner. Alle kan komme med forslag til kandidatar. Fristen for å nominere kandidatar til Innovasjonsprisen var 20. juni og for Formidlingsprisen 30. juni. Prisane blir delte ut til hausten.
Forskingsrådets innovasjonspris blir gitt til ei verksemd som har utmerkt seg med eksepsjonelt god utnytting av forskingsresultat, og på den måten skapt forskingsbasert innovasjon.
Formidlingsprisen blir tildelt ein forskar som har utmerkt seg med levande, kreativ og nyskapande kommunikasjon frå sitt eige fagfelt, knytt til noverande eller tidlegare forsking.