Innspelsmøte for samfunnsoppdrag berekraftig fôr på Hamar
- Hvor:
Biohuset
- Passer for:
Forskingsmiljø, næringslivsaktørar, forvaltning, sivilsamfunnsaktørar og andre interesserte i utforming av samfunnsoppdrag for berekraftig fôr
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
4. september kl 10.00
Om arrangementet
Regjeringa lanserte i 2022 samfunnsoppdrag for berekraftig fôr. Målet er at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder og redusere klimautsleppa i matsystema. I 2023 blir det jobba med eit forslag om korleis målet kan nåast.
Vi inviterer til seks opne innspelsmøte for å få innspel på korleis vi kan nå målet om berekraftig fôr og korleis samfunnsoppdraget kan formast ut. Innspela vil inngå i forslaget som skal leverast november 2023.
Les meir om samfunnsoppdraget for berekraftig fôr: Berekraftig fôr (forskningsradet.no)
Kva ønskjer vi innspel på
Vi ønskjer innspel på utforming og mål for samfunnsoppdraget for berekraftig fôr.
Spel gjerne inn på eit eller fleire av følgjande moment:
- Problem: Kva meiner organisasjonen din er hovudproblemet eller hindringa som gjer at fôr ikkje produserers meir berekraftig i dag?
- Løysingar: Kva trengst for å løyse problema/hindringane slik at vi kan produsere fôr meir berekraftig?
-
Mål: Har du innspel til målforslaga i dette dokumentet?
Til deg som skal halde innlegg
Innspel skal vere munnlege og vere på maksimalt 3 minutt. Skriftleg manus blir levert i etterkant av møtet og skal vere likt det som skal presenterast munnleg. Manus blir publisert. Dei tre minutta er absolutt og vi tilrår derfor alle som skal gi innspel om å vere poengterte og starte med det viktigaste. Det er ikkje høve til å vise powerpoint.
Her arrangerer vi innspelsmøte
Det blir arrangert fem fysiske innspelsmøte og eitt digitalt. Det er høve til å gi innspel på eitt av desse møta og du vel sjølv kva for eit.
Program
Velkommen og kort introduksjon v/representant frå operativ gruppe
Innspel frå deltakarane - førehandspåmelde 3-minutts innlegg
Kommentarar frå deltakarane – ordet fritt
Oppsummering og vidare v/representant frå operativ gruppe
Kontaktpersonar
Meldinger ved utskriftstidspunkt 27. september 2023, 23:01 CEST