Møte

Innspelsmøte for samfunnsoppdrag berekraftig fôr i Bergen

Hvor:

VilVite, Marineholmen

Passer for:

Forskingsmiljø, næringslivsaktørar, forvaltning, sivilsamfunnsaktørar og andre interesserte i utforming av samfunnsoppdrag for berekraftig fôr

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

28. august kl 23.59

30. aug. 2023 kl. 10:00–12:15

Om arrangementet

Regjeringa lanserte i 2022 samfunnsoppdrag for berekraftig fôr. Målet er at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder og redusere klimautsleppa i matsystema. I 2023 blir det jobba med eit forslag om korleis målet kan nåast.

Vi inviterer til seks opne innspelsmøte for å få innspel på korleis vi kan nå målet om berekraftig fôr og korleis samfunnsoppdraget kan formast ut. Innspela vil inngå i forslaget som skal leverast november 2023.

Les meir om samfunnsoppdraget for berekraftig fôr : Berekraftig fôr (forskningsradet.no)

Kva ønskjer vi innspel på

Vi ønskjer innspel på utforming og mål for samfunnsoppdraget for berekraftig fôr. 

Spel gjerne inn på eit eller fleire av følgjande moment:  

  • Problem: Kva meiner organisasjonen din er hovudproblemet eller hindringa som gjer at fôr ikkje produserers meir berekraftig i dag? 
  • Løysingar: Kva trengst for å løyse problema/hindringane slik at vi kan produsere fôr meir berekraftig?
  • Mål: Har du innspel til målforslaga i dette dokumentet?

Til deg som skal halde innlegg

Innspel skal vere munnlege og vere på maksimalt 3 minutt. Skriftleg manus blir levert i etterkant av møtet og skal vere likt det som skal presenterast munnleg. Manus blir publisert. Dei tre minutta er absolutt og vi tilrår derfor alle som skal gi innspel om å vere poengterte og starte med det viktigaste. Det er ikkje høve til å vise powerpoint. 

Her arrangerer vi innspelsmøte

Det blir arrangert fem fysiske innspelsmøte og eitt digitalt. Det er høve til å gi innspel på eitt av desse møta og du vel sjølv kva for eit.

Program

Kontaktpersonar

Trond Einar Pedersen

    SpesialrådgiverStrategi, rådgivning og samfunnsdialog

Mette Mila

    SeniorrådgiverHav og polar

Meldinger ved utskriftstidspunkt 2. mai 2024, kl. 04:53 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.