Berekraftig fôr
Samfunnsoppdraget om berekraftig fôr har som mål at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema. Oppdraget skal føre til at nye innovasjonar og teknologiske løysingar blir tekne i bruk og at vi når dei måla Noreg har sett for klima, miljø, matproduksjon, sysselsetjing og verdiskaping.
Fakta om samfunnsoppdraget
Samfunnsoppdraget om berekraftig fôr blir leidd av Nærings- og fiskeridepartementet, i tett samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Forskingsrådet leier ei operativ gruppe av fagetatar som skal foreslå utforming og konkrete mål for samfunnsoppdraget frå 2024 og framover. Det vil bli lagt til rette for brei involvering frå samfunnet, mellom anna gjennom innspelsmøte. Gruppa kjem også til å få innspel til arbeidet frå ei ekspertgruppe med aktørar frå næringane, FoU-miljø og interesseorganisasjonar. Målet er å ha tilrådingar for det vidare arbeidet klart innan midten av november 2023.
Andre involverte departement vil vere blant anna Klima- og miljødepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Operativ gruppe består av representantar frå Enova, Fiskeridirektoratet, Fiskeri- og Havbruksnæringens Forskningsfinasiering (FHF), Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri (FFL/JA), Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, Landbruksdirektoratet, Mattilsynet, Miljødirektoratet og SIVA. Operativ gruppe ledes av Christina Abildgaard, Forskningsrådet.
Mandat for operativ gruppe i design og implementeringsfasen.
Sekretariatet består av Forskingsrådet og Innovasjon Noreg. Det hjelper både operative gruppa og ekspertgruppa.
Ekspertgruppa er oppretta av operativ gruppe og skal gje råd og faglege innspel til operativ gruppe om utforminga av samfunnsoppdraget.
Kontakt
Ekspertgruppe
Ekspertgruppen har aktørar frå næringane, FoU-miljø og interesseorganisasjonar og består av:
Einar Wathne (leder), Styreleder NCE Seafood Innovation
Dag Aksnes, Professor Universitetet i Bergen
Line Asker, Fagleder bærekraft DNB
Erik Olav Gracey, Global Leder: Kommersiell Bærekraft Biomar
Joakim Hauge, Teamleder bioøkonomi, Miljøstiftelsen Bellona
Kristin Hurum, Direktør for HR, bærekraft og kvalitet Cermaq Norge
Kari Ljøkjel, Daglig leder Felleskjøpet fôrutvikling
Åge Oterhals, Seniorforsker Nofima
Karin Marie Røhne, Leder tilførsel og rådgiving Nortura
Lars Sørgard, Professor Norges Handelshøyskole
Bob van Oort, Seniorforsker CICERO
Anne Cathrine Whist, Direktør produksjon, produktutvikling og forskning TINE
Bernd Wittgens, Senior forretningsutvikler SINTEF
Margareth Øverland, Professor Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
Joanna Franzén, områdeleder for bærekraftige matsystemer, Vinnova