Spør KI-samtaleroboten vår

SkatteFUNN i tal

I 2024 fekk vi 2644 søknader til SkatteFUNN. 79 prosent av desse fekk godkjent prosjektet sitt som FoU. Det er ein nedgang på 10 prosent samanlikna med 2023, og er på nivå med 2022.

Dei største porteføljane

Det er flest prosjekt innanfor fiskeri og havbruk og helsenæringa. Desse porteføljane utgjer kvar cirka 10 prosent av dei aktive prosjekta i 2024. Prosjekt innanfor IKT, tenesteyting og energi utgjer cirka 8 prosent kvar.

Geografisk spreiing

Søknader frå Oslo utgjorde 26 prosent i 2024, Rogaland 12 prosent og Vestland, Akershus og Trøndelag hadde cirka 10 prosent av søknadene kvar.

Om bedriftene som søkjer

20 prosent av dei godkjende prosjekta kom frå nye søkjarar, som er på nivå med tidlegare år. I 2023 var 58 prosent av søknadene frå bedrifter med 1-20 tilsette, og 27 prosent frå bedrifter med 21-100 tilsette. Mange av bedriftene i ordninga samarbeider med ei anna bedrift eller FoU-institusjon, sjølv om det ikkje er krav om dette.

Typisk bedrift og prosjekt i SkatteFUNN

  • bedrifta er mindre enn ti år
  • færre enn 20 tilsette
  • sendt inn to søknader tidligare
  • årlege prosjektkostnader på tre millionar
  • prosjektvarigheit på to–tre år

Sjå døme på prosjekt som har fått SkatteFUNN-midlar

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. mars 2026, kl. 04.48 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.