Når du bruker nettsidene våre eller er i kontakt med oss på sosiale medium

Kva nettstader gjeld personvernerklæringa for?

Personvernerklæringa gjeld for nettsidene Forskningsrådet, Forskningsdagene og Nysgjerrigper.

Den gjeld også for 21-strategiane: Helseomsorg21, Energi21, Olje og gass for det 21. århundre, Maritim21, Prosess21, Transport21 og BarnUnge21.

I tillegg gjeld han for Cancer Mission, IEA, Finansmarkedsfondet, EEAgender (på engelsk), Regionale forskningsfond (RFF) og Research in Svalbard Portal (på engelsk).

Webanalyse og informasjonskapslar

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina di når du lastar ned ei nettside. Forskingsrådet bruker informasjonskapslar til å

  • leggje til rette for best mogleg funksjonalitet og brukaroppleving på nettsidene våre
  • generere statistikk

Vi samlar inn aggregert statistikk om bruk av nettsidene våre. Dette gir oss innsikt i kor mange som besøkjer kvar enkelt side, kor lang tid du er på sidene, kva nettsider du kjem frå og kva nettlesar du bruker.

Behandlingsgrunnlaget for innsamlinga av statistikk er GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f (rettmessig interesse). Den rettmessige interessa vår er å kunne evaluere og vidareutvikle funksjonaliteten og innhaldet i nettsidene.

Vi bruker analyseverktøy frå Piwik Pro, SemRush og Site Improve på nettsidene våre. EEAgender bruker analyseverktøyet Matomo.

Dersom du gir samtykke, kan vi også bruke informasjonskapslar til valfrie formål. Tenesta er levert av Cookie Information.

Personopplysningar når du chattar med oss

Chatboten vår svarer på generelle spørsmål basert på informasjon frå nettsida vår, gir lenker vidare til kontakttenesta vår og har moglegheit for å sende inn ei sak til Forskingsrådet direkte frå chatten. ServiceNow er leverandør.

Vi lagrar sjølve samtalen din i opptil 60 dagar for å kunne finne att samtalen og for å kunne forbetre oss. (Saker sendt inn via chat når du ikkje er innlogga, blir anonymisert 30 dagar etter at sakene har vorte lukka)

Av personvernomsyn ber vi deg om å ikkje skrive personopplysningar, som til dømes namn, e-postadresse, telefonnummer og helseopplysningar, med mindre dette er i samband med å sende inn ei sak til oss.

Chatboten gir deg svar på generelle spørsmål basert på informasjon frå forskningsradet.no. Chatboten svarer ikkje på spørsmål som krev oppslag i personopplysningar.

For å sikre best mogleg kvalitet på svara, blir analysert og forbetra chatboten kontinuerleg av KI-trenarar. Dette inneber gjennomgang og justering av svar for å gjere dei meir relevante, presise og nyttige for brukarane. KI-trenarane har ikkje tilgang til personopplysningar i anonyme chattar, og all evaluering skjer i tråd med retningslinjene våre for personvern.

Det rettslege grunnlaget for behandlinga er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a, ettersom du frivillig bruker chatboten for kommunikasjon og eventuelt gir personopplysningar om deg.

Opptak av arrangement og lyd

Til avspeling av opptak av arrangement og lydar bruker vi Quickchannel, Vimeo, YouTube og Soundcloud. Bruken din av desse funksjonane er underlagde personvernerklæringane til selskapa som leverer dei.

Databehandlarar for nettsidene våre

Epinova AS og Optimizely er, som leverandør av drift og vedlikehald, databehandlar for nettsidene våre.

Sosiale medium

Nettsidene inneheld lenkjer til profilsidene våre på dei sosiale media Facebook, LinkedIn, Instagram og Snapchat. Bruken din av desse funksjonane er underlagde personvernerklæringane til selskapa som leverer tenesta.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. november 2026, kl. 10.23 CET

Viktig informasjon

I tidsrommet frå kl. 18.00 fredag 6. november til kl. 23.00 laurdag 7. november planlegg vi ein oppdatering av søknadssystemet vårt. I denne perioden vil det periodevis vere stengt for innlogging, og du vil kunne oppleve ustabilitet. Vi beklagar ulempene dette fører med seg. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.