Ny FoU-politikk for næringslivet

I åra som kjem skal Noreg gjennom ein viktig og vanskeleg omstillingsprosess som vil gi oss mange moglegheiter, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit i eit innlegg i Dagens perspektiv.

Denne saken vart først publisert i Dagens Perspektiv 8. november 2023.

Vi skal ta steget over i ei digitalisert framtid, samtidig som vi må halvere klimagassutsleppa. Denne såkalla "tvillingomstillinga" skal alle land gjennom, og ho kjem ikkje av seg sjølv.

Vi treng meir kunnskap og innovasjon, ikkje minst i næringslivet og i samspelet mellom offentleg og privat sektor. Og i Noreg treng vi det kanskje meir enn nabolanda våre, fordi vi ikkje berre skal få eit grønare og meir digitalisert næringsliv, men også skal utvikle nye verdiskapande næringar med internasjonal konkurransekraft.  

Framleis langt mindre forsking i norsk næringsliv enn i nabolanda

FoU-innsatsen til næringslivet er avgjerande for å klare overgangen til eit berekraftig samfunn. Norske bedrifter investerer likevel langt mindre i FoU enn det som er samfunnsøkonomisk ønskjeleg, og mindre enn det våre naboland gjer.

Medan vi i Noreg lenge har lege ganske godt an når det gjeld offentlege investeringar i FoU, har næringslivet lege lågt. Delvis er det på grunn av næringsstruktur, men og grunna kultur og rammevilkår. Vi er dessverre framleis langt unna det politiske målet om at bedriftene skal investere tilsvarande to prosent av BNP i forsking og utvikling, sjølv om dette har vore eit mål frå skiftande regjeringar gjennom fleire tiår. 

Derfor må vi tenkje nytt. Forskingsrådet har nyleg sendt over eit notat til regjeringa med innspel til korleis styresmaktene kan bidra til auka FoU-innsats i næringslivet i den varsla strategien sin for nett dette.

Nye auge på rammevilkåra

Vi kjem ikkje utanom ein diskusjon der vi ser med nye auge på rammevilkåra. Det handlar om dei store tinga – som skatt, infrastruktur og tilgang på kapital. Om regjeringa skal få til ei signifikant endring, så må ho også ta tak her.

Heile verkemiddelpakken og samanhengande politikk må takast i bruk, og vi er nøydde til å erkjenne at åtferda til bedriftene blir påverka av skatteinsentiv og rammevilkår. Politikarane må våge å ta denne debatten. Dei må og sjå på kva til dømes EU, eller Finland har gjort. Dei legg lista høgt. 

Mykje å lære frå oljesektoren

Vi har mykje å lære frå oljesektoren, som lenge har hatt dei beste rammevilkåra i Noreg. Den har tent oss vel i mange år, og kompetanse og teknologi herfrå har stor overføringsmoglegheit og kan gi konkurransefortrinn i utviklinga av nye næringar. Det er samstundes eit faktum at i den harde konkurransen om kompetanse og kapital, er risikoen for at andre delar av næringslivet kjem til kort stor. Dette kan vere til hinder for utviklinga av nye grøne og digitale verdikjeder.

Sjå til SkatteFUNN-ordninga

Ei enkel byrjing kan vere å justere SkatteFUNN-ordninga, som er det største FoU-verkemiddelet vi har. Vi kan stimulere grøne prosjekt ved målretta endringar av ordninga. 

Vi kan og gjere meir for å utvikle auka samarbeid og betre kunnskapsspreiing. Også her kan SkatteFUNN vere eit godt verktøy ved å påskjønne bedrifter som inngår forpliktande samarbeid med FoU-institusjonane. Bedrifter som rustar opp eigen FoU-kapasitet eller bidreg til å styrkje desse institusjonane, gir viktige bidrag til eiga lønnsemd og evna samfunnet har til å utvikle eit framtidsretta næringsliv.

Finland har lykkast

Det bør understrekast at dei norske FoU-tilskotsordningane til bedrifter på mange måtar er gode, og at dei fungerer. Det er heller ikkje noko mål at staten skal overta bedriftene sitt eige ansvar for å investere i nødvendig kunnskapsutvikling. Men det kan tenkjast at vi i ein overgangsfase kan auke den statlege innsatsen med eit eksplisitt vilkår om at statlege bidrag skal forplikte bedriftene til å bidra med private midlar.

Slik har ein gjort det i Finland, der ein har lykkast i å tiltrekkje seg store investeringar frå store finske og utanlandske bedrifter gjennom målretta tiltak for å auke FoU-investeringane bedriftene har i Finland. Dette også for å auke samspelet mellom bedriftene og FoU-institusjonane for å løyse store samfunns- og verdiskapingsutfordringar. 

Langt mellom kapitalsterke aktørar i Noreg

Vi bør og sjå på kva for kulturelle føresetnader som kan utløyse privat FoU-investeringar. I Noreg er det langt mellom kapitalsterke aktørar som ser potensialet i FoU-investeringar, og vi har svært få stiftingar som finansierer forsking om vi samanliknar oss med Sverige og Danmark.

Vi kan gjerne jobbe både for ei større kontaktflate, insentiv og auka tillit mellom rike innbyggjarar og FoU-institusjonane. Det handlar om heile skalaen frå donasjonar til praktisk samarbeid for å løyse samfunnsflokar. Kanskje kan ein slik også styrkje tilliten til næringslivsfinansiert forsking, som i Noreg av ein eller annan grunn ligg lågare enn i samanliknbare land. Her har vi ein jobb å gjere. 

Det som er heilt sikkert er at bedriftene må leie an i det kunnskapsbaserte grøne og digitale skiftet, og at rette rammevilkår må på plass for å mogleggjere det. Vi i Forskingsrådet er klare til å bidra med vår del av verktøykassa. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 27. april 2024, kl. 17:43 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.