Berekraftig fôr – auka verdiskaping og norsk mattryggleik
Korleis kan restråstoff frå fiskeindustrien i Ålesund, tang frå Trøndelag, mikroalgar frå Finnfjord, insektprotein frå Voss eller gras frå Gudbrandsdalen bidra til eit meir berekraftig matsystem?
Av Sissel Beate Rønning og Kjell Emil Naas, Forskingsrådet og sekretariatet for samfunnsoppdraget, Nils Vagstad, Nibio, leiar
Denne teksten vart publisert først i Nationen.no 23. august 2025.
Over heile landet samlast forskarar, næringsliv og forvaltning i eit målretta samfunnsoppdrag for å løyse ein av våre største utfordringar: Innan 2034 skal alt fôr til oppdrett og husdyr komme frå berekraftige kjelder. Dette handlar ikkje berre om klima, men om mattryggleik, sjølvforsyning og framtidig verdiskaping i Noreg.
Vi må utvikle meir nasjonalt fôr
Meir enn 90 prosent av fôret til oppdrettsnæringa i Noreg blir importert. Det er også ein stor fôrimport til husdyr. Dette gjer oss sårbare i møte med globale kriser, handelsforstyrringar og prisvolatilitet, og gjer det vanskelegare å kontrollere både kvalitet og berekraft i verdikjeda. Ved å utvikle meir fôr nasjonalt, basert på lokale ressursar, kan vi styrkje sjølvforsyninga, redusere risiko og sikre ein meir berekraftig matproduksjon i framtida. Og ikkje minst, det vil bidra til verdiskaping og arbeidsplassar landet rundt.
I juni gjennomførte vi dialogmøte over heile landet – frå Tromsø og Bodø i nord til Stavanger og Oslo i sør i tillegg til eit digitalt møte. Vi identifiserte flaskehalsar og diskuterte tiltak som kan føre oss nærare målet. Temaa spende frå økonomiske insentiv og investeringsvilje til arealplanlegging og behovet for nye samarbeidsarenaer.
Lokal forankring
Ein gjennomgåande bodskap var betydninga av lokal forankring: Løysingane må utviklast og tilpassast lokale forhold, ressursar og aktørar. Det er i kommunane og i regionane at råvarene finst, produksjonen skjer og engasjementet må byggjast. Nasjonal eigarskap og lokal forankring er viktig for å skape varige endringar og sikre gjennomføring. Samtidig må det bli lønnsamt – utan økonomisk berekraft, ingen reell endring. Dette er også viktig for å styrkje norsk sjølvforsyning og redusere avhengnaden vår av importert fôr.
Eit berekraftig fôrsystem krev eit regelverk som både vernar og mogleggjer. I dag er regelverket tett knytt til EU gjennom EØS-avtalen, og det set rammene for kva råvarer som kan brukast og korleis dei skal behandlast. Men dagens regelverk er ikkje alltid tilpassa nye råvarer og sirkulære løysingar, og det som ofte er særeigne norske forhold. Derfor trengst ny kunnskap og tett dialog mellom forvaltning, forsking og industri.
Samarbeid mellom sektorane blir viktig
Samfunnsoppdraget utfordrar oss til å samarbeide på tvers av sektorar. Aktørar som vanlegvis ikkje møtest, må finne saman. Vi må byggje nye nettverk, dele risiko og utvikle felles forståing for kva som skal til for å lykkast. Norske forskingsmiljø og bedrifter er allereie i gang med å utvikle nye fôrråvarer, men for å skalere opp må vi ha politikk, kapital og forbrukarar med på laget.
Berekraftig fôr handlar om korleis vi forvaltar ressursane våre for å sikre verdiskaping i Noreg og mat til framtidige generasjonar. Det er eit felles ansvar – og det hastar. Vi har ni år på oss. Det er kort tid i eit system som krev langsiktige investeringar og strukturelle endringar. Men det er også nok tid – om vi handlar no.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 16. september 2025, kl. 11.41 CEST