Mandat for operativ gruppe i design- og implementeringsfasen

Det overordna målet for samfunnsoppdraget er at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema. Ei operativ gruppe skal komme med forslag til korleis samfunnsoppdraget skal utviklast vidare som verkemiddel. Tidfesta mål og delmål for samfunnsoppdraget skal fastsetjast i design- og implementeringsfasen i 2023. Dette mandatet beskriv ansvaret til den operative gruppa i denne perioden.

Oppgåver

Operativ gruppe har i design- og impementeringsfasen ansvar for å starte opp arbeidet med å utvikle samfunnsoppdraget. Dette inneber å sørgje for brei involvering og mobilsering.

Operativ gruppe skal:

  • utarbeide mandat for og etablere ei ekspertgruppe
  • vurdere forslag til tidfesta mål og delmål frå ekspertgruppa
  • arrangere innspelsmøte
  • samanlikne kunnskapsgrunnlag og gi faglige innspel
  • ha oversikt over tildelingar og prosjekter på fôrområdet, samt regelverksutvikling
  • klargjere problemstillingar og eventuelle barrierar og dessutan foreslå tiltak for måloppnåing og gjennomføring, eventuelt innhente ytterlegare kunnskapsgrunnlag som er relevant for denne fasen
  • foreslå vidare organisering av samfunnsoppdraget etter design- og implementeringsfase

Etablering av en ekspertgruppe

Den operative gruppen har etablert ei ekspertgruppe som skal gi råd og faglege innspel til utforminga av samfunnsoppdraget. Ekspertgruppen skal peike på eventuelle kunnskapshol og barriarer av betydning for måloppnåinga, foreslå tidfesta mål og delmål, og gi råd om involvering og brukermedverknad. Medlemmene i ekspertgruppa bør bestå av aktørar frå industrien, næringane, FoU-miljø, NGO-ar mfl. Ekspertgruppa rapporterer til operativ gruppe.

Sammensetning og roller

Operativ gruppe

  • Leiar: Forskingsrådet ved Christina Abildgaard 
  • Innovasjon Noreg
  • Mattilsynet
  • Fiskeridirektoratet
  • Landbruksdirektoratet
  • Miljødirektoratet
  • Siva
  • Enova (blit invitert)
  • Fiskeri- og havbruksnæringes forskningsfinansiering AS (FHF)
  • Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri (FFL/JA)

Sekretariat

Forsknigsrådet (leiar) og Innovasjon Noreg utgjer sekretariatet for operativ gruppe.

Rapportering

Operativ gruppe rapporterer til styringsgruppa, som har ansvaret for avklaringar og forankring i departementa. Innspel frå operativ gruppe til styringsgruppa må forankrast i eigne verksemder. Rapportering på framdrift av samfunnsoppdraget skal også inngå i den ordinære styringsdialogen mellom cerksemdene og departemena.

Økonomi

Arbeidet i design- og implementeringsfasen blir gjennomført innanfor gjeldande budsjettrammer i alle involverte verksemder. Det blir elles vist til føringar i Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet sitt tildelingsbrev til Forskingsrådet for 2023 vedrørande eventuelle utgreiingar og/eller kunnskapsoppsummeringar, og at eventuelle kostnader knytte til dette må finansierast innanfor gjeldande løyving til Forskingsrådet.

Frist for leveransar

  • Ekspertgruppen skal være oppretta innan utgangen av april 2023
  • Forslag til tidfestede mål og delmål innan utgangen av oktober 2023
  • Forslag til vidare organisering av samfunnsoppdraget innan 15. november

Versjon 23.03.23

Meldinger ved utskriftstidspunkt 30. mai 2024, kl. 05.14 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.