Mandat til ekspertgruppen samfunnsoppdrag bærekraftig fôr

Det overordna målet for samfunnsoppdraget er at all føde til oppdrettsfisk og husdyr skal kome frå berekraftige kjelder og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema. Ei operativ gruppe skal kome med forslag til korleis samfunnsoppdraget skal utviklast vidare som verkemiddel.

I mandatet til den operative gruppa til samfunnsoppdraget (gitt av Styringsgruppen) står:
Den operative gruppa skal etablere ei ekspertgruppe som skal gi råd og faglege innspel til utforming av samfunnsoppdraget. Ekspertgruppa skal peike på kunnskapshol og barrierar av betydning for måloppnåing, foreslå tidfesta mål og delmål, og gi råd om involvering og brukarmedverknad. Medlemmene i ekspertgruppa bør bestå av aktørar frå industrien, næringane, FoU-miljø, NGO-ar mfl. Ekspertgruppen rapporterer til operativ gruppe.

Arbeidet både for den operative gruppa og ekspertgruppa er avgrensa til å lage ein plan for korleis samfunnsoppdraget skal utviklast som verkemiddel. På denne bakgrunnen utnemner den operative gruppa ei ekspertgruppe med følgjande mandat:

Ekspertgruppa skal

  1. gi innspel til korleis samfunnsoppdraget bør organiserast; 
    1. foreslå ulike styringsmodellar, som regulerer forholdet mellom aktørane aktive i oppdraget
    2. peike på framgangsmåtar for ein formålstenleg involvering og medverknad av enkeltmenneske, bransjar og samfunnsområde, med mål om ein mest mogleg open, involverande og transparent prosess
    3. identifisere grep for å sikre god erfaringsutveksling og læring mellom aktørane som er involverte i samfunnsoppdraget, opp mot politikk og breitt ut i samfunnet
    4. skissere rammer for ein kommunikasjons- og formidlingsplan
  2. foreslå kvantifiserbare, djerve mål for utvikling av berekraftig fôr med potensial for industriell produksjon og høg verdiskaping. Kva skal oppnåast innan 2030? Forslag til milepælar og delmål undervegs (år 1, år 2 osb.). I tillegg blir adekvate indikatorar foreslåtte for måloppnåing
  3. identifisere særskilde område der det trengst ny kunnskap, eller nye bruksmåtar av eksisterande kunnskap, og foreslå metodar for å hente inn denne kunnskapen, for å nå måla i samfunnsoppdraget
  4. peike på moglege barrierar og komme med forslag til korleis desse kan handterast, for å nå måla for samfunnsoppdraget

Ekspertgruppa kan foreslå tilføyingar til mandatet sitt. Operativ gruppe tek stilling til forslaga.

Rammer for arbeidet

  • Den operative gruppa utnemner ein leiar av ekspertgruppa.
  • Det utnemnde sekretariatet for samfunnsoppdraget vil vere sekretariat for ekspertgruppa
  • Varigheita i gruppa går fram til haust 2023 når forslag er overlevert operativ gruppe.
  • Gruppa er underlagd operativ gruppe og rapporterer skriftleg til operativ gruppe.
  • I dialog med operativ gruppe kan ekspertgruppa levere tematiske delrapportar, gjerne i samanheng med innspelsmøte
  • Det blir halde eit formålstenleg tal møte mellom ekspertgruppa og operativ gruppe.
  • I dialog med operativ gruppe kan ekspertgruppa innhente ytterleg ekspertråd ved behov 

Godkjent av Operativ gruppe i møte 30.3.23

Meldinger ved utskriftstidspunkt 10. oktober 2024, kl. 20.19 CEST

Viktig varsel

Til utlysingane med søknadsfrist ved midnatt 16. oktober, inkludert innovasjonsprosjekt i næringslivet, betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 14. oktober, tysdag 15. oktober og onsdag 16. oktober kl. 08.00–15.45 .