Tre råd om samfunnsoppdraget for berekraftig fôr

I fjor lanserte regjeringa eit målretta samfunnsoppdrag om berekraftig fôr. No får regjeringa overlevert forslag til mål for dette samfunnsoppdraget. Dei tre måla som blir foreslåtte handlar om å redusere klimagassutslepp og bevare naturmangfald, auke forsyningstryggleiken og utvikle ein sterk fôringrediensindustri i Noreg.

Ei operativ gruppe av fagetatar har det siste året jobba med forslag til utforming og konkrete mål for samfunnsoppdraget berekraftig fôr. Gruppa leverer no forslaga til tidfesta mål og delmål for oppdraget.

Forslaga til mål vart overrekt fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth, landbruks- og matminister Geir Pollestad og minister for forsking og høgare utdanning, Sandra Borch fredag den 3. november.

– Gjennom samfunnsoppdraget har vi sagt at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal kome frå berekraftige kjelder. No har vi fått forslag til tidfesta mål som kan få oss dit. Eg ser fram til å sjå nærmare på forslaga og ta dette vidare, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth. 
  
 – Målretta samfunnsoppdrag er ein ny måte å løyse komplekse problem på. Her kan Noreg ta ei leiarrolle i arbeidet med å sikre at alt fôr til husdyr og oppdrettsfisk skal kome frå berekraftige kjelder. Eg har stor tru på denne måten å rette søkjelyset mot ei utfordring, og koordinere innsatsen frå mange sektorar mot eit felles mål. Slik tek vi forsking og kunnskap i bruk for å skape reell endring, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch. 
  
– Regjeringa ønskjer å auke sjølvforsyninga av norske jordbruksvarer og utvikle ein meir berekraftig matproduksjon med lågare klimagassutslepp. Auka bruk av lokale og meir berekraftige fôrråvarer til fiskefôr og kraftfôr til husdyr vil vere viktig for å redusere presset på klima og miljø, for ei grøn omstilling i norsk matproduksjon, og omsyn til beredskap,  seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.   

Forskingsrådet leier den operative gruppa av fagetatar 

– Måla har kome fram mellom anna gjennom ein omfattande prosess med forslag frå ei ekspertgruppe og seks innspelsmøte med til saman 285 deltakarar.  Det har vore eit fantastisk engasjement, så no ser vi fram til at samfunnsoppdraget startar, seier Christina Abildgaard, som har leia den operative gruppa på vegner av Forskingsrådet.

For å nå måla, tilrår gruppa fleire delmål med tidfesta gjennomføring og fire føresetnader som må på plass for å kunne nå måla.  

Den operative gruppa har bestått av personar frå ni relevante fagetatar og verkemiddelapparatet. Forskingsrådet har, saman med Innovasjon Noreg, hatt sekretariatsfunksjonen for arbeidet og har også leia den operative gruppa.  

– Det er veldig spennande å følgje dette arbeidet, og det er lagt ned eit imponerande arbeid bak desse råda. For å løyse den store samfunnsutfordringa på berekraftig fôr så treng vi samarbeid der forsking blir bringa tettare på forvaltning og næringsliv. Vi i Forskingsrådet ser fram til fortsetjinga og samarbeidet for å gjennomføre dette viktige samfunnsoppdraget, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.  

Forslaga til mål vart overrekt fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth, landbruks- og matminister Geir Pollestad og minister for forsking og høgare utdanning, Sandra Borch fredag den 3. november.

Den 15. november kjem det ein utfyllande rapport som vil gi tilrådingar om organiseringa av det vidare arbeidet. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. mai 2024, kl. 01:52 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.