Spør KI-samtaleroboten vår

Føring av personalkostnader og indirekte kostnader i instituttsektoren

Forskingsinstitutt skal budsjettere personalkostnader og indirekte kostnader under eitt for dei ulike gruppene av FoU-medarbeidarar som inngår i prosjektet.

Det er følgjande fire grupper av institusjonar på Forskingsrådets liste over godkjende forskingsorganisasjonar som vi kvart år ber om å melde inn timesatsane sine:

Legg merke til at organisasjonar omfatta av retningslinjene for statleg grunnløyving skal melde inn timesatsar. Resten av organisasjonane i lista over kan velje å melde inn timesatsar under føresetnad av at dei oppfyller krava i retningslinjene.

Dei innmelde timesatsane skal nyttast i FoU-prosjekt med tilskot frå Forskingsrådet, uavhengig om instituttet leier prosjektet eller inngår som samarbeidspartnar i eit faktisk samarbeid med prosjektansvarleg søkjar. Timesatsane skal også brukast i prosjekt finansierte gjennom grunnløyving frå Forskingsrådet eller andre offentlege etatar.

Forskingsorganisasjonar som vel å ikkje melde inn timesatsar, eller ikkje oppfyller krava gitt i retningslinjene, skal i prosjekt med finansiering frå Forskingsrådet føre sine personalkostnader og indirekte kostnader i samsvar med retningslinjene gitt på nettsida Føring av personalkostnader og indirekte kostnader for næringsliv, offentleg sektor og andre søkjarar.

Slik melder du inn timesatsar til Forskingsrådet

Dei forskingsorganisasjonane som årleg blir inviterte til å melde inn timesatsar blir kontakta av Forskingsrådet i rimeleg tid før tidsfristen for innmelding. Dei innmelde timesatsane skal vere rekna ut i samsvar med Forskingsrådets retningslinjer (sjå nedanfor):

Personal- og indirekte kostnader i prosjektrekneskapen

Forskingsinstitutt som har fått godkjent innmeldte timesatsar, skal føre personalkostnader og indirekte kostnader i same kostnadslinje i prosjektrekneskapen basert på godkjende satsar.  

Organisasjonar som mottek tilskot frå Forskingsrådet ha eit system for registrering av arbeidstida til medarbeidarane i prosjektet. Ei slik registrering fungerer som eit grunnlag for prosjektrekneskapen, for prosjektrekneskaps-rapporteringa og for førespurnaden frå Forskingsrådet om utbetaling.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. mai 2026, kl. 15.38 CEST

Stor pågang

I forbindelse med søknadsfristen 27. mai og overgangen til nytt søknadssystem, får vi nå mange henvendelser. Derfor kan det ta lenger tid enn vanlig før du får svar. Vi svarer deg så raskt vi kan. Det er lurt å lese gjennom informasjonen vår om det å søke i nytt søknadssystem før du tar kontakt med oss. Her står det mye nyttig. 

Viktig varsel

Til utlysingane med søknadsfrist 27. mai kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 70 00 torsdag 21. mai, fredag 22. mai og tysdag 26. mai kl. 08.00–15.00 og onsdag 27. mai kl. 08.00–13.00.