Forskingskommunikasjon
Forskingsrådet har eit nasjonalt ansvar for forskingsformidling. Vi er med på å gjere forsking tilgjengeleg, relevant og interessant for ulike grupper i samfunnet og til at resultat frå forskinga blir tatt i bruk. Vi arrangerer alt frå opne frukostmøte til ein nasjonal forskingsfestival.
Vi skaper dialog om forsking og forskingsresultat og korleis dette kan bidra til å skape verdiar og løyse samfunnsutfordringar.
Forskingsdagane er ein av Europas største forskingsfestivalar. Her viser forskings- og kunnskapsinstitusjonar over heile landet fram forskinga si til ålmenta. Festivalen omfattar alt fra opne laboratorium til debattar, forskar-stand-up, foredrag og quizar. Det meste er gratis og ope for alle. Festivalen blir arrangert kvart år i veke 38 og 39.
Nysgjerrigper er tilbodet vårt til elevar og lærarar i grunnskolen. Målet er at barn skal få vite kva forsking går ut på, lære om forsking og sjølv prøve å forske. Skoleklassar kan bruke Forskingsrådets opplegg for arbeid med vitskapleg metode i skolen, Nysgjerrigpermetoden.
Dei regionale vitensentra er populærvitskaplege opplevings- og læringssenter for matematikk, naturvitskap og teknologi. Målet er at alle som besøkjer sentra skal lære ved å sjølv kunne eksperimentere. Forskingsrådet forvaltar ordningane med tilskot av vitensentra.