Bitte små magnetar gav koronatest på rekordtid

Då korona kom, utvikla NTNU-forskarane Magnar Bjørås og Sulalit Bandyopadhyay ein ny og langt meir effektiv koronatest på rekordtid. No er testen også seld til utlandet.

Bilete som viser eit frimerke med eit corona molekyl som motiv

I mars 2020 då Noreg stengde ned på grunn av koronaviruset, vart det raskt klart at norske sjukehus måtte avgrense talet på testar. Dette fordi det ikkje var nok tilgang på utstyr.

I løpet av nokre få veker i mars og april 2020 utvikla forskarar ved NTNU ein ny testmetode som gjorde at vi kunne teste langt fleire personar for koronavirus enn tidlegare. 

I starten av mai kunne 100 000 personar bli testa kvar veke, medan i slutten av mai var dette talet auka til 300 000. Dette gjorde at testen raskt vart eitt av Noregs viktigaste kort for å få kontroll på viruset.

Slik vart den nye testmetoden

Den nye testmetoden bestod av to steg. Før testen kunne bli gjennomført måtte ein ta ei prøve frå nasen eller svelget til pasienten. Denne prøva vart så send til eit laboratorium. Her byrja testmetoden til NTNU.

Prøva vart blanda med ei kjemisk løysing. Denne øydela overflata til viruset og frigjorde arvestoffet, som vart liggjande og sveva fritt i væska. Deretter vart nokre ørsmå magnetiske kuler tilsett løysinga. Desse kulene var dekte med eit spesielt stoff som kunne binde til seg DNA-et til viruset. Etter det vart kulene med DNA-et trekte ut av løysinga ved hjelp av ein magnet. Desse vart så sende vidare til PCR-analyse. Denne identifiserte om prøva inneheldt ein bakterie, influensavirus eller koronavirus.

Testen vart produsert ved ein eigen fabrikk, som etter kvart leverte 1,2 millionar koronatestar i veka.

Koronatest-kontraktar med utlandet

Også i utlandet fekk ein opp auga for innovasjonssuksessen frå Trondheim. I september 2020 vart dei første kontraktane underskrivne med det tekniske universitet i Danmark og det indiske bioteknologiselskapet APs LABS. Også helsedepartement og private selskap frå Asia, Afrika, Nord- og Sør-Amerika og Europa tok kontakt med NTNU.

I 2021 vart koronatest-teknologien kommersialisert. Selskapet Lybe Scientific leverte diagnostikkløysingar for covid-19, vanleg influensa og seksuelt overførbare sjukdommar, blant anna.

Historia om koronatesten viser korleis to grunnforskingsmiljø som ikkje tidlegare har jobba saman, og som fagleg sett står langt frå kvarandre, saman kan løyse ei vanskeleg utfordring på kort tid. 

Innovasjonspris i 2021

Hausten 2021 fekk Bjørås og Bandyopadhyay Forskingsrådets innovasjonspris. Forskingsrådets innovasjonspris blir gitt årleg til ei verksemd eller person som har utmerkt seg med eksepsjonelt god utnytting av forskingsresultat og på den måten skapt forskingsbasert innovasjon.

Ifølgje juryen var dette eit framifrå døme på korleis langsiktig grunnforsking og tverrfagleg samarbeid raskt kan gi ein viktig innovasjon for befolkninga, helsetenesta og samfunnet. Innovasjonen var eit sentralt verktøy i arbeidet med å ta landet gjennom koronapandemien, og innovasjonen gav også eit oppstartselskap med stort internasjonalt potensial innanfor diagnostikk.

Kjelder: forskningsradet.no, nrk.no, uniforum.no

Meldinger ved utskriftstidspunkt 13. juli 2024, kl. 02.42 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.