Spør KI-samtaleroboten vår

Bakgrunn for samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge

Kva er eit samfunnsoppdrag?

Målretta samfunnsoppdrag, eller «missions», er ein prosess for å løyse komplekse samfunnsutfordringar. Det inneber å definere samfunnsutfordringa og å setje ambisiøse, konkrete og tidsavgrensa mål. Det må vere mål som er enkle å kommunisere og som mobiliserer til innsats frå fleire samfunnssektorar samtidig. Missions-tilnærminga inneber å prøve ut nye arbeidsmåtar og å bidra til innovative og kunnskapsbaserte tiltak.

Dette betyr at vi samlar mange ulike personar og organisasjonar for å jobbe saman om inkludering.

Regjeringa har starta dette samfunnsoppdraget fordi dei ønskjer at ingen skal kjenne seg utanfor. Målet er at alle barn og unge i Noreg skal få vere med og ha høve til å utvikle seg. I dag er det rundt 100 000 unge som verken går på skule eller er i jobb. Mange deltek heller ikkje i fritidsaktivitetar eller sliter med psykiske helseplager.

Målet er å redusere utanforskap blant unge stort innan 2035.  Utfordringa er kompleks og krev innsats frå mange ulike aktørar. Derfor er samfunnsoppdraget etablert som ein struktur for å samle statlege, kommunale, frivillige og private aktørar i eit langsiktig samarbeid.

Bakgrunnen for samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge

Samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge vart første gong presentert av regjeringa i Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning i 2022.

Ei operativ gruppe vart sett ned for å leie arbeidet. Gruppa bestod av representantar for Forskingsrådet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Utdanningsdirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Helsedirektoratet (Hdir), Arbeids- og velferdsdirektoratet (AVdir), KS, Design og arkitektur Noreg (DOGA) og Kulturtanken.

I mars 2024 overleverte den operative gruppa rapporten til regjeringa. Der vart det foreslått tre mål for samfunnsoppdraget.

Barn og unge opplever å ha god livskvalitet

Barn, unge og familiane deira blir møtte av tenester og tilbod med høg kvalitet
Arbeidsmåtar for inkludering er forbetra gjennom forsking, utvikling og innovasjon.
I juni 2025 la regjeringa fram stortingsmelding om sosial utjamning og like moglegheiter i oppveksten. I denne meldinga presenterer regjeringa eit overordna mål og seks delmål for samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge.
Målet er at færre barn og unge skal falle utanfor samfunnet innan 2035. Dei seks delmåla er å:

  1. Auke deltakinga i barnehage blant barn frå familiar med låg sosioøkonomisk status
  2. Auke andelen ungdom som deltek i organiserte fritidsaktivitetar med 10 prosentpoeng
  3. Halvere andelen barn og unge med låg livskvalitet
  4. Redusere dei sjølvrapporterte psykiske helseplagene til barn og unge med 25 prosent
  5. Auke andelen unge som fullfører vidaregåande opplæring
  6. Få betydeleg fleire unge i jobb eller utdanning

Organisering frå 2025

I Stortingsmeldinga om sosial utjamning og like moglegheiter i oppveksten, skriv regjeringa.

«Det trengst ein samarbeidsstruktur der representantar for stat, kommune, frivilligheita og arbeidslivets partar møtest og har felles dialog om korleis ein saman kan nå målet om ein stor reduksjon i utanforskap blant barn og unge. Derfor etablerte regjeringa ei ny partnarskapsgruppe med KS, Frivilligheit Noreg, Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) og dessutan representantar for partane i arbeidslivet. Formålet med gruppa er å bidra til ei brei mobilisering i kommunar, frivilligheit og privat sektor for inkludering av barn og unge. Partnarskapsgruppa skal ha ei strategisk rolle.

Regjeringa ønskjer også å bruke eksisterande samarbeidsstrukturar som Fritidserklæringa, Partnerskap mot mobbing, konsultasjonsordninga med KS og trepartssamarbeidet med partane i arbeidslivet til å engasjere frivillige organisasjonar, bedrifter, kommunar og andre til innsats mot utanforskap blant barn og unge.

For å støtte opp under inkluderingsarbeidet som kommunar, frivilligheit og partane i arbeidslivet gjer på lokalt nivå, etablerer regjeringa også ei innsatsgruppe for inkludering av barn og unge. Arbeidet i innsatsgruppa skal støtte opp under tiltaksutvikling blant kommunar og lokale aktørar, og bidra til at det arbeids kunnskapsbasert, utprøvande og innovativt lokalt. Innsatsgruppa vil vere det utførande leddet i samfunnsoppdraget og vil ha sekretariatsfunksjonen for partnarskapen.

Innsatsgruppa skal vidareutvikle delmål og indikatorar om ung utanforskap, utforske flaskehalsar, barrierar og hindringar i det eksisterande systemet og gi råd og forslag om forbetringar. Råda kan vere knytte til endringar i regelverk, tilskot, forskings- og innovasjonsinnsatsar eller andre verkemiddel som blir rekna for å bidra til auka måloppnåing. Forskingsrådet vil vere vertskap for innsatsgruppa. Innsatsgruppa vil også bestå av medlemmer frå Barne- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet og KS.»

Innsatsgruppa startar arbeidet hausten 2025.

Nyttige lenkjer

BarnUnge21-strategien

Langtidsplan for Forskning og høgare utdanning

Rapporten til operativ gruppe

Kunnskapsgrunnlaget for operative gruppe

Stortingsmelding om sosial utjamning og like moglegheiter i oppveksten

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. juli 2025, kl. 06.51 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.