Arbeidsgrupper bérekraftig fôr

Både den operative gruppa og ekspertgruppa har høve til å setje ned ulike arbeidsgrupper som for fokusert arbeid innan spesifikke område.

I mandatet til operativ gruppe er regelverksutvikling og oversikt over tildelingar og prosjekt løfta særskilt. Det er viktig med ei kunnskapsbasert utvikling av regelverk og god samhandling mellom regelverksprosessar og forsking og utvikling for å sikre at regelverket er tilpassa ei sirkulær og berekraftig utnytting og trygg bruk. Dette krev god samhandling og auka innsikt om regulatoriske forhold. I innledende fase har operativ gruppe sett ned følgjande arbeidsgrupper:

  • Arbeidsgruppe regelverk  
    Gruppa blir leidd av Mattilsynet med deltaking frå Landsbruksdirektoratet og Fiskeridirektoratet. I arbeidet får dei innspel frå forskingsorganisasjonar som har nasjonale oppgåver innan mattryggleik: Veterinærinstituttet, Havforskingsinstituttet, NIBIO og Folkehelseinstituttet.
  • Arbeidsgruppe prosjekt og tildelingar  
    Gruppen blir leidd av Forskingsrådet og består av alle medlemmene av operativ gruppe som har eller har hatt støtteordningar for forskings- og innovasjonsprosjekt: Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, SIVA, Enova, Fiskeridirektoratet, Landbruksdirektoratet, Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri og Forskingsfinansieringa til fiskeri- og havbruksnæringa. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. april 2024, kl. 17:09 CEST

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 24. april betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 22. april og tysdag 23. april kl. 08.00–15.45 og onsdag 24. april kl. 08.00–13.00.