Instituttsektoren
Forskingsinstitutta skal bidra med forsking av høg kvalitet og relevans for næringsliv, forvaltning og samfunnet elles. Forskingsrådet har eit strategisk ansvar for instituttsektoren. Grunnløyvinga er det viktigaste instrument vi har for å vareta dette ansvaret.
Aktuelle rapportar om institutta og instituttpolitikken
Vi står for ulike publikasjonar knytte til oppfølgjinga av grunnløyvingane for institutta og utviklinga av instituttpolitikken.
Innmelding av timesatsar frå instituttsektoren
I alle FoU-prosjekt med tilskot frå Forskingsrådet kan forskingsinstitutta budsjettere med timesatsar dei sjølv har berekna og fastlagt, basert på faktiske kostnader og effektiv drift. Timesatsane skal meldast inn til Forskingsrådet kvart år. Sjå framgangsmåte, retningslinjer og rettleiing for innmelding av timesatsar.
vart tildelt til forskingsinstitutta i 2023
Statleg grunnløyving til forskingsinstitutt og forskingskonsern
Formålet med grunnløyvinga er å sikre at forskingsinstitutta kan tilby næringsliv, offentleg sektor og/eller samfunnsliv forskingstenester av høg internasjonal kvalitet.
Kompensasjonsordning for deltaking i Horisont Europa (Retur-EU)
Retur-EU er ein rammestyrt kompensasjonsordning for deltaking i Horisont Europa. Gjennom ordninga blir organisasjonar kompenserte for noko av gapet mellom EUs finansiering og dei faktiske kostnadene i prosjektet.
Nøkkeltal for forskingsinstitutta
Etter avtale med Forskingsrådet, innhentar SSB nøkkeltal frå forskingsinstitutt som er underlagde retningslinjer for statleg grunnløyving. Her finn du figurar og tabellar over desse innsamla tala.