Aktuelle rapportar om institutta og instituttpolitikken

Her finn du fleire publikasjonar knytte til oppfølging av grunnløyvinga for institutta underlagt retningslinjene for statleg grunnløyving av forskingsinstitutt og forskingskonsern. Du kan også lese om oppfølging av forvaltningsinstitutta og Simula og om utviklinga av instituttpolitikken.

Årsrapportar for institutta tilordna retningslinjene for grunnløyving

Forskingsrådet publiserer kvart år årsrapportar for institutta tilordna retningslinjene for grunnløyving. I rapportane gir vi ein kort presentasjon av kvart institutt med ei oversikt over dei mest sentrale nøkkeltala, viktige organisatoriske og faglege hendingar og dei viktigaste publikasjonane, og dessutan ein rapport for bruk av grunnløyvinga. 

Rapportane er baserte på bidrag frå institutta sjølv og samanlikna nøkkeltal frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) på oppdrag frå Forskingsrådet. Det blir utarbeidd ein rapport for kvar av dei fire arenaene.

Årsrapportar for institutta tilordna retningslinjene for grunnløyving.

Rapport om oppfølging av forvaltningsinstitutta og Simula

I regjeringa sin strategien for ein heilskapleg instituttpolitikk frå 2020 definerer dei instituttpolitikken å gjelde for dei 33 forskingsinstitutta og -konserna som får grunnløyving gjennom Forskingsrådet, i tillegg til 12 institusjonar til. 

Vi fekk i oppdrag "å konkretisere innhaldet i ei felles oppfølging av dei 12 institutta utanfor grunnfinansieringssystemet". 

Denne rapporten viser leveransen for oppdraget.

I rapporten blir det konkludert med ei tilråding om å opprette ein felles oppfølgingsarena for dei 12 institutta, som omfattar følgjande fire element:

  • rapportering av nøkkeltal
  • forskingsfagleg rapportering
  • etablering av møteplassar
  • oppfølging av vitskapleg kvalitet på sikt

Rapport om grunnfinansieringen av forskingsinstitutt

Som ei oppfølging av Synteserapporten og regjeringa sin strategi for helhetlig instituttpolitikk (februar 2020), har Kunnskapsdepartementet bedt Forskingsrådet om å gå gjennom systemet for grunnfinansiering for forskingsinstitutta. Systemet vart etablert av Stortinget i 2008.

Synteserapporten

Synteserapporten, med tittelen En målrettet og effektiv instituttpolitikk, vart lagt ut på open høyring i november 2018. Etter høyringa vart det gjort nokre justeringar av rapporten før han vart send til Kunnskapsdepartementet i januar 2019. 

På grunnlag av rapporten og departementene sitt arbeid med ein ny heilskapleg instituttpolitikk, vil vi lage ein ny strategi for forskingsinstitutta. 

Evalueringa av dei fire instituttarenaene

I perioden 2014– 2018 evaluerte vi forskningsinstitutta, og følgde desse opp i slutten av 2018 med ein synteserapport med tilrådingar til Kunnskapsdepartementet. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 1. mars 2024, 09:37 CET

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 6. mars betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 kvardagene frå torsdag 29. februar til tysdag 5. mars kl. 08.00–15.45 og onsdag 6. mars kl. 08.00–13.00.