Velkommen til lansereringen av eit nytt rammeverket for etisk innbyggjarinvolvering i forsking og innovasjon. Dette er sluttproduktet frå EU-prosjektet PRO-Ethics som Forskingsrådet er med i. Vi nyttar også høvet til å dele lærdom frå to liknande prosjekt.
Noregs forskingsråd arrangerer "ERC søknadslesedagar" for forskarar som planlegg ein søknad til The European Research Council (ERC).
C.4 (nivå 4, kurs for viderekomne og avanserte): Master of Project Management and Financial Reporting in Horizon 2020 & Horizon Europe er et 3-dagers praksistungt kurs som vil hjelpe deg med å få en omfattende forståelse av prosjektledelse, rapporteringsprotokoller og beregning av personalkostnader under Horisont Europa og Horisont 2020 og praktiske anvendelse i den daglige driften. I løpet av det 3-dagers programmet vil du lære alt om prosjektledelsesoppgaver og få en grundig forståelse av reglene og rapportering på personalkostnader i Horisont Europa og Horisont 2020.
Ansvaret for å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv er fordelt over ei rekkje politikkområde, forvaltningsnivå og samfunnsaktørar. No mobiliserer regjeringa breitt for å forme ut eit målretta samfunnsoppdrag som skal føre til kunnskapsbasert politikk til det beste for barn og unge.
Forskingsrådet vil i løpet av hausten 2024 lyse ut om lag 120 millionar kroner til tidlegfase teknologioverføring, for åra 2025 og 2026, retta mot godkjende, norske forskingsorganisasjonar.
Forskingsrådet arrangerer søknadslesedag for forskarar som planlegg ein søknad til klyngje 2 i Horisont Europa (kultur, kreativitet og inkluderande samfunn).
B. 2 (nivå 2, for vidarekomne): Kurset gir ein introduksjon til prosjektutvikling i Horisont Europa (arbeidsprogram, emne og utlysingar, søknadsprosess, kva som kjenneteiknar søknader til Horisont Europa, dei ulike prosjekttypane, og dessutan søknadsførebuing). I løpet av kurset vil vi gå gjennom søknadsprosessen frå ide til ferdig prosjektforslag, og du vil få prøve deg gjennom ei praktisk øving.
Er du nysgjerrig på korleis det er å vere evaluator for EU, eller korleis ein søknad til Horisont Europa blir evaluert?
I samband med lanseringa av Strategi for vitskapleg publisering etter 2024 inviterer vi til eit digitalt webinar, der ulike innleiarar vil kommentere tilrådingane og vegen vidare, sett frå perspektivet sitt.
Bli med på open digital kafé for klyngje 5 i Horisont Europa! Den overordna drivaren for klyngje 5: klima, energi og mobilitet, er å akselerere den grøne og digitale omstillinga, og tilhøyrande transformasjon av økonomi, industri og samfunn for å oppnå klimanøytralitet i Europa innan 2050.
Vi inviterer til to inspirerande dagar om EU sitt samfunnsoppdrag om klimatilpassing. Norske kommunar, fylkeskommunar, forskingsmiljø og bedrifter deltek i dette samfunnsoppdraget. Saman deler vi kunnskap og verktøy. Du vil også lære meir om samspelet mellom samfunnsoppdraget og nasjonale satsingar på klimatilpassing.
Vi svarar på spørsmål om Forskarprosjekt for fornying, Forskarprosjekt for tidleg karriere, Stort tverrfagleg Forskarprosjekt, kompetanseprosjekt og samarbeidsprosjekt.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. desember 2023, 23:38 CET