
Søkjarwebinar: SkatteFUNN
Om arrangementet
Velkommen til søkjarwebinar om SkatteFUNN
Vurderer du å søkje SkatteFUNN? Då er dette webinaret for deg - anten du har søkt før eller er heilt ny med ordninga.
Webinaret blir ein uformell spørsmål-og-svar-seanse der du får høve til å stille spørsmål om SkatteFUNN, søknadsprosessen og korleis vi i Forskingsrådet vurderer søknadene.
Det blir ingen presentasjon av sjølve ordninga under webinaret. I staden konsentrerer vi oss om å svare på dei spørsmåla som kjem inn frå dykk som deltek.
Du kan:
- stille spørsmål direkte under webinaret, eller
- sende inn spørsmål på førehand til lfho@forskningsradet.no. Merk e-posten med "Spørsmål til webinar".
Webinaret varer så lenge vi har spørsmål å svare på. (Maks ein time).
Vi tilrår også at du ser gjennom videoen med nyttig informasjon om SkatteFUNN under.
Opptak og ei skriftleg oppsummering av spørsmål og svar - inkludert spørsmål vi eventuelt ikkje rekk eller kan svare på undervegs - blir tilgjengeleg for alle påmelde.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. juni 2026, kl. 20.58 CEST
Viktig informasjon
Til utlysningene med søknadsfrist 10. juni kl. 13.00 betjener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 mandag 1. juni til fredag 5. juni kl. 08.00–15.00, mandag 8. juni og tirsdag 9. juni kl. 08.00-15 og onsdag 10. juni kl. 08.00–13.00.