Møte

Innspelsmøte Bergen - Samfunnsoppdrag: Inkludering av barn og unge

Hvor:

Universitetet i Bergen, Bjørn Christiansens hus, 2.etg, Seminarrom 217-218

Passer for:

Enkeltpersonar eller representantar for organisasjonar, selskap eller liknande som ønskjer å bidra med innspel til samfunnsoppdraget for ung utanforskap.

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

1. desember 2023

Om arrangementet

Mange barn og unge slit med å bli inkluderte i samfunnet. Ein av ti unge mellom 15-29 år står utanfor utdanning, arbeid og opplæring. Dette har ikkje berre store konsekvensar for den enkelte, men også for samfunnet.  

Ansvaret for å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv er fordelt over ei rekkje politikkområde, forvaltningsnivå og samfunnsaktørar. No mobiliserer regjeringa breitt for å forme ut eit målretta samfunnsoppdrag som skal føre til kunnskapsbasert politikk til det beste for barn og unge.   
  
Forskingsrådet leiar ei operativ gruppe i dette arbeidet. Gruppa inviterer no til innspelsmøter. Alle som ønskjer å bidra med innspel til samfunnsoppdraget er velkomne til å delta.    

I innspelsmøta blir det lagt til rette for diskusjon og idéutveksling, der det overordna målet er å redusere utanforskap blant barn og unge i Noreg. Både enkeltpersonar eller representantar for organisasjonar, verksemder, offentleg sektor, forsking osb. er velkomne til å delta.  

Les mer om samfunnsoppdraget Inkludering av barn og unge

Velkommen til innspelsmøte!  

Kontaktpersonar

Rita Bergersen

    SpesialrådgiverStrategi, rådgivning og samfunnsdialog

Falk Eidsvold Tøien

    RådgiverVelferd og utdanning

Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. mai 2024, kl. 17:52 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.