Frå idé til prosjekt i offentleg sektor
Har de ein prosjektidé og lurer på om Forskingsrådet er noko for dykk? Vi har verktøya, kompetansen, finansieringa og nettverka du treng for å komme i gang.
Prosjektkanvas
Dette er eit verktøy som kan bidra med å finne styrkar og svakheiter med ideen deira og gi ei oversikt over prosjektet før eventuelle fagrådgivarar blir kontakta.
Rådgivarar over heile landet
Forskingsrådets regionsansvarlege kan svare på spørsmål og diskutere moglegheiter som hjelper deg vidare. Dei er til stades i heile landet og har som regel kontorplass ved Innovasjon Noregs distriktskontor.
EU og Horisont Europa
Har du spørsmål om utlysingar frå EU og Horisont Europa?
Forskingsrådets nasjonale kontaktpunkt for EU kan svare på spørsmål og diskutere moglegheiter i europeiske utlysingar. Sjå kven som er nasjonale kontaktpunkt for dei ulike fagområda. Du kan også kontakte EU-nettverka Forskingsrådet støttar og som skal mobilisere til Horisont Europa.
Kontakt Forskingsrådets eigne fagrådgivarar for EU-midlar.
Samarbeid utanfor Europa?
Forskingsrådet har eigne land- og regionskontaktar som kan svare på spørsmål og diskutere moglegheitene for forskings- og innovasjonssamarbeid i land utanfor Europa. Sjå: Samarbeid utanfor EU/EØS.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 30. september 2023, 05:30 CEST