Kva skjer når søknaden er godkjend?
Ei godkjenning gjennom SkatteFUNN gir bedrifta rett til å krevje skattefrådrag for utgifter til FoU-aktivitetar i prosjektet. Det kjem også nokre plikter med godkjenninga. Vi gir deg oversikt over kva som er kravd av bedrifta etter ei godkjenning.
Føre prosjektrekneskap
Godkjente prosjekt pliktar å føre løpande prosjektbudsjett, adskilt frå andre delar av driftsbudsjettet til bedrifta.
Rapportere til Forskingsrådet
Godkjende prosjekt skal sende inn års- eller sluttrapport innan 1. mars.
Melde inn endringar
Det er viktig at vi til kvar tid har oppdatert og korrekt informasjon om prosjektet.
Utbetaling
Utgifter til aktivitetar i det godkjende prosjektet blir rapportert inn til Skatteetaten i skattemeldinga dykkar. Utbetalinga kjem gjennom skatteoppgjeret, anten som ein reduksjon i skatt eller som ei utbetaling for bedrifter som ikkje er i skatteposisjon.
Du som er prosjekteigar må sjølv sende frådragskrav til skattemyndigheitene.
Bedrifta sine plikter etter godkjenning
- De skal føre løpande prosjektrekneskap.
- De skal føre løpande timelister som dokumenterer kor mange timar dei tilsette i bedrifta har brukt i prosjektet. FoU-medarbeidar og prosjektansvarleg signerer timelistene løpande, minst kvart kvartal.
- De må sende inn års-/sluttrapport innan 1. mars.
- De skal halde Forskingsrådet løpande orientert om endring av kontaktperson eller dagleg leiar i bedrifta, organisasjonsnummer og andre store endringar i innhaldet for prosjektet.
- De må rapportere utgiftene som skal frådragsførast via skattemeldinga ved å bruke Skatteetatens eletroniske skjema RF-1053. Prosjektrekneskap og RF-skjema må godkjennast av ein statsautorisert eller registrert revisor. Kravet om revisorattestasjon gjeld uavhengig av om bedrifta er revisjonspliktig eller ikkje.
Godkjenninga er ikkje knytt til budsjettet i søknaden. Det vil seie at det faktiske skattefrådraget kan bli lågare eller høgare enn det det er budsjettert med i søknaden.