Rapportering for SkatteFUNN-prosjekt
Alle prosjekt med SkatteFUNN-godkjenning skal sende inn statusrapport eller sluttrapport innan 1. mars.
Statusrapport
Dersom prosjektet går over fleire år, må du levere statusrapport for prosjektet innan 1. mars året etter at prosjektet vart godkjent, og kvart år etter det.
Rapporten finn du på innlogga område. Vi sender deg ei påminning på e-post før statusrapporten skal inn.
Sluttrapport
Alle prosjekt skal sende inn ein sluttrapport når godkjenningsperioden i SkatteFUNN er over, og seinast innan 1. mars året etter siste godkjenningsår. Du finn sluttrapporten på innlogga område. I sluttrapporten skal du samanfatte kva aktivitetar de har gjennomført, kva mål de har nådd og kva som eventuelt står att i prosjektet. Hugs også å sende sluttrapport dersom prosjektet blir avbrote før godkjenningsperioden er over.
Det er ikkje krav om revisorattestasjon på tala som blir leverte til Forskingsrådet. Bruk dei tala som er tilgjengelege på rapporteringstidspunktet.
Beskrivingane av prosjektet i sluttrapporten blir ikkje offentleggjort. Dersom beskrivingane inneheld forretningsløyndommar, vil dei vere omfatta av teieplikt ved eventuelle innsynskrav, jf. offentleglovas § 13 og forvaltningslovas § 13.
Det er prosjektleiaren som har tilgang til å sende inn statusrapport og sluttrapport.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 7. desember 2024, kl. 15.45 CET