Endringar underveis
Det er viktig at Forskingsrådets informasjon om prosjektet er oppdatert og rett, både når det gjeld prosjektinnhald og adminstrative detaljar.
Dersom det er endringar i prosjektet som påverkar hovudmål/delmål eller innhaldet i prosjektet, må du ta kontakt med saksbehandlar. Dette skal i tillegg meldast inn via årsrapport og sluttrapport.
Endring av organisasjonsnummer/overføring av prosjektet til ny bedrift
Godkjenninga av eit FoU-prosjekt gjennom SkatteFUNN er knytt til organisasjonsnummeret som vart oppgitt då søknaden vart sendt inn. Dersom prosjektet skal overførast til nytt firma, må de sende inn ein ny søknad med oppdatert organisasjonsnummer. Det opphavlege prosjektet må de avslutte manuelt via Mitt nettstad og i tillegg sende inn ein sluttrapport.
Dersom godkjenninga er knytt til feil organisasjonsnummer vil ikkje Skatteetaten kunne innfri kravet om frådrag for utgiftene i FoU-prosjektet. Endringar må meldast inn i god tid før utgangen av året. Send oss ein e-post på skattefunn@forskningsradet.no i høve der det er behov for å flytte eit prosjekt til ny bedrift.
Forlenging av prosjekt
For å få innvilga ei utviding av perioden for godkjenning, må bedrifta sende inn ein ny søknad. Denne må de sende inn året etter at opphavleg godkjenning er utgått. Til dømes: dersom prosjektet er godkjent for 2020 og 2021, må de søkje på nytt for dei FoU-aktivitetane som står att, etter at sluttrapport er sendt inn i 2022.
Endring av kontaktpersonar
Vi sender ut varsel på e-post til den som står oppført med rolla som søkjar, prosjektansvarleg og dagleg leiar. Det er derfor viktig at denne informasjonen er rett og oppdatert.
Vi har altså registrert tre ulike rollar i eit SkatteFUNN-prosjekt:
- Prosjektansvarleg: får varsel på e-post
- Dagleg leiar: får varsel på e-post, og kan gi løyve til rollebyte når nokon sluttar eller ikkje er å få tak i av andre grunnar
- Søkjar: får varsel på e-post. Har full tilgang til prosjektet via "Mitt nettsted" og kan sende inn rapportar.
Overføring av søkjarrolla til ny person må gjerast via "Mitt nettsted" frå brukaren til den som sit på søkjarrolla.
Rettleiing for korleis byte søkjarrolla og få full tilgang til eit prosjekt
Den som skal overta må aller først ha oppretta sin eigen brukar. Logg deretter inn på brukaren til den som per no sit med søkjarrolla og som har tilgang. Gå til fanen "Prosjekt/rapportar" og bruk knappen "Bytt SkatteFUNN-søkjar" og fyll inn detaljar om den som skal overta. Når det er gjort kan den som skal overta logge på brukaren sin, gå til fanen "Rolleadministrasjon" og godta invitasjonen, logge inn og så ut igjen. Då skal vedkommande ha fått tilgang. Ta kontakt med oss i SkatteFUNN om det er endringar i kontaktinformasjon for dagleg leiar eller prosjektansvarleg, eller dersom personen som står oppført med søkjarrolla ikkje er mogleg å få tak i.
Dersom den som per no sit på søkjarrolla har slutta eller av andre grunnar ikkje er mogleg å få tak i, kan vi hjelpe dykk med dette rollebytet. Då treng vi ei stadfesting frå dagleg leiar på at rollebytet er ok.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 27. september 2023, 23:39 CEST