Spør KI-samtaleroboten vår

Dette bør du ha på plass når du startar prosjektet

  1. Oppgåver og roller i prosjektet: Gi alle prosjektdeltakarar og andre med oppgåver eller roller i prosjektet  tilgang til prosjektet via Mi side.
  2. Prosjektrekneskap med revisor: Alle som krev skattefrådrag i SkatteFUNN-ordninga må ha revisorattestasjon av prosjektrekneskapet som tala i skattemeldinga er baserte på. Du må derfor allereie ved oppstart av prosjektet sørgje for å ha eit system for å føre prosjektrekneskap fortløpande for å dokumentere utgiftene per arbeidspakke i prosjektet. Timelistene skal signeres av prosjektdeltaker og prosjektansvarlig løpende, og minst hvert kvartal.
  3. Dokumentasjon av større kostnader: Dei må hente inn dokumentasjon av kostnader over 100 000 kroner (eks. mva) frå eventuelle underleverandørar ved kjøp av FoU-tenester frå nærståande føretak.

Skattemeldinga

Utbetalinga kjem gjennom skatteoppgjeret, anten som ein reduksjon i skatt eller som ei utbetaling for bedrifter som ikkje er i skatteposisjon. 

De må sjølv krevje frådrag for FoU-kostnadene via skattemeldinga via eit eige temakort som heter «Skattefradrag for forskning og utvikling". Frist for å sende inn skattemeldinga er 31. mai kvart år.

Slik fyller de inn feltet «Arbeidspakke-ID» i skattemeldinga

Det gamle søknadsskjemaet vårt hadde ingen nummerering av delmål/arbeidspakkar, men det har det nye. Under arbeidspakke-ID skal de nummerere arbeidspakkane/delmåla dykkar med siffer 1, 2, 3, osb. Gi dei godkjente delmåla/arbeidspakkane nummer i kronologisk rekkjefølgje. Skatteetaten kan skilje arbeidspakkane frå kvarandre på tittel, men de må no i tillegg skrive inn nummeret.

Dersom de har spørsmål om skattemeldinga, så må de vende dykk til Skatteetaten: Fradrag for forskning og utvikling – SkatteFUNN - Skatteetaten.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 10. oktober 2025, kl. 21.28 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.