Norsk georadar til Mars

Georadaren Rimfax er eit av dei sju vitskaplege instrumenta på NASA-roveren "Perseverance", som landa på Mars i februar 2021. Oppgåva til roveren er å leite etter restar av liv. Rimfax skal analysere dei ulike geologiske laga i bakken for å finne ut kvar det er lurast å ta prøver.

Illustratør: Enzo Finger

Mars 2020-roveren er den femte roveren som blir skoten opp til Mars og er også den mest avanserte. Roveren er eit rullande laboratorium og det er også første gong ein rover har ein georadar påmontert.

Ein rover er i romfarten ein bemanna eller ubemanna motorisert landsfarkost som blir nytta til å utforske framande himmellekammer.

Skal kartleggje kva som er under bakken på Mars

Med Rimfax får forskarane eit kontinuerleg bilete av geologien langs køyrebanen til roveren, noko som vil gi viktig informasjon om kva område det er interessant å studere nærare. Eit viktig mål er å finne sedimentære lag der det kan ha vore vatn og dermed moglegheiter for liv.

Rimfax kan "sjå" under overflata ved at han sender radiobølgjer ned i bakken og ved at nokre av desse bølgjene blir reflekterte. Slik kan han lage eit bilete av kva som finst under overflata. Kva slags stoff finst der? Er det fukt i sanden? Og ikkje minst – skjuler det seg teikn til gammalt liv?

Georadaren vil gjere det mogleg for forskarar å kartleggje strukturar og formasjonar meir enn ti meter ned i bakken.

Sterke norske forskingsmiljø står bak

Rimfax er i sin heilskap utvikla og produsert av Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) med støtte frå norsk industri.

Då den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA inviterte forskingssamfunnet til å foreslå instrument for sin "Mars-2020 Mission", foreslo FFI georadaren sin. Av dei 58 innkomne forslaga vart Rimfax eit av dei sju utvalde instrumenta.

NASA gav FFI oppdrag om å utvikle georadaren og eit sterkt norsk forskingsmiljø vart valt ut til NASA-ferd. Rimfax blir operert frå senteret for forskningsdriven innovasjon, CENSSS, ved Universitetet i Oslo med blant anna forskarar frå Universitetet i Oslo, University of California, Los Angeles (UCLA), University of Arizona, og Cornell University.

Rimfax består av ei antenne og ein elektronikkboks. Den gullbelagde boksen inneheld teknologien som gjer det mogleg å lese av meir om planetens indre.

Roveren og alt påmontert utstyr må tole nattetemperaturar frå minus 135 grader celsius til Mars-dagar med 20 plussgrader. Rimfax må også kunne tole 100 plussgrader fordi han sit like ved atomreaktoren på roveren.

Sjølve georadaren er ganske liten og veg berre 2,5 kilo. Georadarar kan også brukast til arkeologiske kartleggingar og til å forske på snøskred.

Georadarar med mange bruksområde

FFI har jobba med liknande radarar tidlegare, og i utgangspunktet utvikla radarar av dette slaget for å gjere det mogleg for Forsvaret å «sjå» gjennom vegger og ned i bakken.

Bruksområda ville til dømes vere å finne nedgravne miner. Same type teknologi blir brukt i arkeologi og til å forske på snøskred. FFI har også studert bruken av denne typen ultrabreibandsradarar i medisinsk samanheng, til dømes for å avbilde hjartet.

Rimfax står for Radar Imager for Mars' Subsurface Experiment. Namnet speler også på norrøn mytologi: Rimfakse er hesten som natta rir på over himmelen. Morgondogga kom drypande frå Rimfakses beisel og namnet kan omsetjast som rim frå mulen.

Kjelder

  • Norsk Romsenter
  • FFI
  • Nysgjerrigper
  • Titan
  • Forskning.no

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 03:53 CEST

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 24. april betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 22. april og tysdag 23. april kl. 08.00–15.45 og onsdag 24. april kl. 08.00–13.00.