Skyt lakselus med laser

Norske Stingray Marine Solutions AS drep lakselus med laser, samtidig som systemet overvaker veksten og helsetilstanden til laksen.

Noreg har ei stor oppdrettsnæring med årleg omsetning på meir enn 65 milliardar kroner. Laks utgjer det aller meste av dette og gjer Noreg til den desidert største produsenten i verda av oppdrettslaks.

Lakselus er eit stort problem for oppdrettsnæringa. Lusa fører til skadar på fisken, og næringa har store utgifter med å kjempe mot parasitten. Lusa og bekjempinga fører til dårlegare dyrevelferd. Eit anna stort problem er overføring av parasittar til vill laksefisk.

Den enorme auken i norsk lakseoppdrett sidan 1980-talet har medført store økonomiske og økologiske konsekvensar. Betydelege forskingsmidlar har bidratt til å utvikle og optimalisere ulike tiltak for å redusere lakselus i og frå norsk oppdrettslaks.

Kostnadene med å overvake og kjempe mot lakselus har auka betydeleg dei seinare åra for den norske oppdrettsnæringa. I 2018 brukte næringa over 5 milliardar i 2018, noko som svarer til fleire kroner per produsert kilo.

Lakselusa kan kjempast mot med kjemiske eller mekaniske midlar, eller ved hjelp av reinsefisk. Omtrent 60 millionar reinsefisk blir sleppte ut i norske merdar kvart år. Reinsefisken et lusa av laksen, men også her er dyrevelferdeit omdiskutert tema.

Vi kan også kjempe mot lakselusa med ulike kjemiske legemiddel. Stoffa kan tilsetjast vatnet eller fôret. Lusa blir relativt raskt resistent mot mange av midla som blir brukte, derfor kan kjemikaliane berre brukast i kortare periodar.

Vasspyling av fisken har vist seg å vere ei effektiv form for mekanisk avlusing. I dei seinare åra har det blitt tatt i bruk laser for å skyte lusa vekk frå fisken.

Det norske selskapet Stingray Marine Solutions AS har utvikla eit lasersystem som bruker kamera for å styre ein laser som drep lakselus. Systemet blei patentert i 2010, og dei første lasersystema kom på marknaden i 2014.

Stingray har plassert lasersystemet i over 30 norske anlegg. Kvart system består av ei bøye, som er festa i vaier spent over merden der laksen held til. Under bøya er nodet som inneheld teknologien. Notet følgjer fiskestimen ned til 30 meters djup. Med lys ovanfrå og nedanfrå, tilpassa den lyse undersida til fisken og den mørke oversida, tre sett avanserte kamera og ein laser utvikla for kirurgi, blir lakselusa observert på skinnet til fisken.

Ein typisk laks passerer eit slikt node i løpet av eitt til to sekund. På den tida har systemet identifisert kvar lusa sit og retta laseren på ho. Når laseren treffer lusa, gjer han det med ein presisjon på 0,7 millimeter, og han held seg der i 200 til 300 millisekundar. Det er omtrent like raskt som eit vanleg menneske blunkar. I løpet av denne tida blir lusa så oppvarma at ho døyr.

Dei minste lusa er som små svarte prikkar, ikkje ulik prikkane på skinnet til laksen. Stingray-utstyret klarer å skilje lus og prikkar ned til 2–3 millimeter. Dei største kan bli på 12 millimeter. Alle skota blir filma, slik at Stingray kan analysere informasjonen og drive maskinlæring.

Lasersystema overvaker samtidig fiskehelsa og hjelper oppdrettarane med produksjonsplanlegging. Ein biometriapplikasjon gjer at oppdrettarane kan følgje med på veksten og måle biomassen til kvar enkel laks i merden.

Systemet følgjer også med på ulike velferdsindikatorar som måler om fiskane har det bra eller ikkje. Viktige indikatorar på om dei har det bra er symjefart, kjønnsmodning og vinterår.

All maskin- og programvare blir laga i Groruddalen i Oslo.

Kjelder:

  • Stingray
  • Tu.no
  • Store norske leksikon
  • Nysgjerrigper

Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. juni 2023, 10:54 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.