HUGIN utforskar havdjupet
Den autonome undervassfarkosten HUGIN gir oss viktig informasjon om forhold under havflata eller på havbotnen. Denne teknologien har mykje å seie for å sikre ei berekraftig og trygg utnytting av naturressursar og operasjonar i havet

God informasjon om forholda under havflata er viktig for blant anna offshore-verksemd, marin forsking, søk etter vrak og dumpa avfall, røyrinspeksjon og søk etter sjøminer.
For å møte desse behova har Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), Sjøforsvaret og Kongsberg Maritime utvikla HUGIN, ein autonom undervassfarkost. Autonome undervassfarkostar er ubemanna farkostar eller undervassrobotar som opererer på eiga hand, utan fysisk samband til eit moderfartøy.
Samarbeidet har resultert i denne svært avanserte undervassfarkosten som kan dykke 6000 meter og operere heilt på eigenhand.
HUGIN kan sjølv tilpasse operasjonsmønsteret sitt for å oppfylle oppdraga best mogleg. Dette gjer han ved å tolke data frå ulike påmonterte sensorar. Denne kunnskapen blir brukt til å analysere situasjonen rundt, planleggje og utføre handlingar.
Nyskapande teknologi
Kongsberg Maritime starta utviklinga av den første autonome undervassfarkosten allereie på 1980-talet og tidleg på 1990-talet starta utviklinga av HUGIN. Utviklinga av farkosten var frå oppstarten eit samarbeidsprosjekt mellom FFI, Statoil, Norsk Undervannsintervensjon og Kongsberg Maritime.
HUGIN har vorte ein eksportsuksess dei siste åra.
Kjelder
- FFI.no
- Kyst.no
- Teknisk ukeblad
- www.kongsberg.com
Meldinger ved utskriftstidspunkt 1. september 2026, kl. 16.33 CEST
Varslet nedetid Min side (nytt system)
I tidsrommet kl. 14.00 fredag 11. september til kl. 08.00 måndag 14. september oppdaterer vi det nye systemet vårt. I denne perioden vil det ikkje vera mogleg å arbeida i systemet. Du kan oppleva noko ustabilitet i systemet i tida rett etter oppstart. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.