Spør KI-samtaleroboten vår

Kompensasjonsordning for forskingsinstitutta si deltaking i Horisont Europa (Retur-EU)

EUs finansieringspolicy baserer seg på at forskingsorganisasjonar har vesentleg høgare offentleg grunnløyving enn det norske forskingsinstitutt har. Retur-EU er ein kompensasjonsordning for institutta si deltaking i Horisont Europa (HEU), EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Ordninga kompenserer for noko av gapet mellom finansieringa frå EU og dei faktiske kostnadane i prosjektet.

Forskingsinstitutta står for ein stor del av norsk deltaking i HEU-prosjekt. Formålet med Retur-EU er å sikre at norske institutt kan delta i fleire slike prosjekt. Ordninga fungerer som ei resultatbasert grunnløyving. 

Kva institusjonar gjeld Retur-EU for   

Retur-EU gjeld berre for desse gruppene av institusjonar lista opp på Forskingsrådet si nettside kalla Godkjende forskingsorganisasjonar:

I det følgjande er alle desse omtalte som "institutt". 

Støttegrad og utbetaling  

Tildelt støtte frå Retur-EU skalerer med løyvingane til institutta frå Horisont Europa. Midlane for eit gitt år blir utbetalte i tre like ratar fordelte utover dei følgjande tre åra etter at EU-prosjekta vart etablerte. Tilskotet blir berekna slik:  

  • For forskingsinstitutt omfatta av Retningslinjer for statleg grunnløyving utgjer Retur-EU mellom 33,3 og 50 % av samla støtte frå EU. Sjå "Utregning av differensiert del" nedanfor.  
  • For andre godkjende forskingsorganisasjonar utgjer Retur-EU 33,3 % av samla støtte frå EU. 

Tildeling frå Retur-EU kan ikkje vere høgare enn at dei samla inntektene til instituttet frå EU og Retur-EU ikkje overskrid dei reelle, faktiske kostnadene for instituttet for å gjennomføre EU-prosjekta.  

Føringar for bruk av midlar tildelte fra Retur-EU og rapportering   

Midlar frå Retur-EU skal brukast i samsvar med Retningslinjer for statlig grunnbevilgning til forskingsinstitutter og forskingskonsern, jfr. pkt. 5.3 "Disponering av grunnbevilgningen". Dette gjeld også for institutt som ikkje er omfatta av desse retningslinjene.

Institutt som er omfatta av retningslinjene, vil få Retur-EU-midlar som eit tillegg til grunnløyvinga. Andre insitutt vil få midlane gjennom eit eige tilskotsbrev.  

Institutta må rapportere på bruken av midlane innan ein nærmare fastsett frist. 

Slike HEU-prosjekt kvalifiserer til Retur-EU 

Forskingsrådet bereknar tildelingane frå Retur-EU for eit gitt år av gongen basert på oppdaterte tal i EUs prosjektdatabase eCorda over EU-kommisjonens bidrag til godkjende prosjektkostnader.  

Hovudregelen er at alle prosjekttypar i Horisont Europa utløyser Retur-EU, blant dei:   

  • Research and Innovation Actions      
  • Innovation Actions 
  • Coordination and Support Actions 
  • Marie Sklodowska-Curie Actions 
  • European Research Council 
  • European Innovation Council 

Unntak kan finnast. Forskingsrådets vurdering vil då basere seg på om instituttet har eit reelt kostnadsdekningsbehov i prosjekta. Også for prosjekt som får delfinansiering frå partnarskap (European Partnerships) under Horisont Europa, kan EU-kommisjonens bidrag kvalifisere for støtte frå ordninga.  

Retur-EU blir ikkje utløyst for prosjekt finansiert av samfinansierte partnarskapar (co-funded partnerships) eller av kostnader relatert til medlemskap i partnarskap (European Partnerships). Løyvingar som dekkjer dei reelle, faktiske kostnadene for instituttet, utløyser heller ikkje Retur-EU.  

Samarbeid med næringsliv og offentleg sektor gir ekstra utteljing og det same gjer prosjektkoordinering  

 Retur-EU inkluderer også midlar for å stimulere til at institutt samarbeider med norsk næringsliv og offentleg sektor og til koordinering av EU-prosjekt. Årleg ramme utgjer 8 % av Retur-EU-beløpet utløyst av nye prosjekt i eit gitt år (jf. avsnittet over), då fordelt med 4, 2 og 2 prosentpoeng på respektive samarbeid med norsk næringsliv, samarbeid med offentleg sektor og koordinatoransvar.   

Desse midlane kjem i tillegg til utbetalingane frå Retur-EU beskrivne ovanfor, føresette at dei samla inntektene til instituttet frå EU og Retur-EU ikkje overskrid dei reelle, faktiske kostnadene for instituttet for å gjennomføre EU-prosjekta. Dei blir fordelte proporsjonalt med EU-tildelinga til institutta i dei prosjekta som kvalifiserer. Utbetaling føreset at aktørane frå næringsliv og offentleg sektor er partnar eller koordinator i EU-prosjektet.  

Utrekning av differensiert del  

Differensieringa gjeld berre institutt som er omfatta av retningslinjene for statleg grunnløyving. Ho er knytt til kostnadsnivået til instituttet og gjeld berre institutt der grunnløyvinga utgjer mindre enn 17 % av netto FoU-driftsinntekter. Netto FoU-driftsinntekter er her sette lik driftsinntekter fråtrekket inntekter overførte til andre, finansinntekter og såkalla «andre inntekter». Merk at Forskingsrådet bereknar grunnløyvinga si del av netto FoU-driftsinntekter som eit gjennomsnitt av dei siste tre åra, der det siste året tel dobbelt. 

Tildelinga til kvart enkelt institutt for eit gitt år er, før mogeleg avkorting (sjå over), lik instituttet si samla støtte frå EU dette året multiplisert med to faktorar, kalla A og B, og er avgrensa oppover og nedover til respektive 50 og 33,3 % av samla støtte frå EU.  

  • Faktoren A er eit forholdstal lik gjennomsnittleg vekta timesats for forskarar ved instituttet dividert med gjennomsnittleg vekta timesats for forskarar i dei femten institutta med høgast timesats for forskarane sine, men er oppover avgrensa til talet 1. Faktoren A blir dermed lik 1 for institutt med relativt høge timesatsar og lågare enn 1 for institutt med lågare timesatsar. Vekta gjennomsnittleg timesats blir berekna ut frå instituttet sine innmelde (og budsjetterte) timesatsar, talet på årsverk og forventa fakturerte timar per forskar for dei ulike kategoriane til instituttet sine forskarar.  
  • Faktoren B er lik 50 % for institutt der grunnløyvinga utgjer mindre enn 13 % av netto driftsinntekter og lik 33,3 % for institutt der grunnløyvinga utgjer meir enn 17 % av netto driftsinntekter. I intervallet der grunnløyvinga sin del er mellom 13 og 17 % varierer B lineært frå 50 % til 33,3 %. På denne måten får vi ein glidande overgang omkring 15 % slik at institutt som eit år ligg rett under (eller over) og det neste året rett over (eller under) denne grensa for grunnløyvingas del av netto driftsinntekter, ikkje skal få ei veldig stor endring i tildelt støttesatsen frå eit år til det neste.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 13. september 2025, kl. 06.26 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.