Webinar

Webinar om rapporten Barn og unge først – vårt felles ansvar

Passer for:

Alle som er engasjerte i og/eller jobbar tett med barn og unge.

Pris:

Gratis

Digitalt:

Arrangementet strømmes

16. mai kl. 09:00–10:00

Om arrangementet

I webinaret presenterer og kommenterer vi tilrådingane frå gruppa som har overlevert rapporten om inkluderinga av barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv. Webinaret er særleg aktuelt for alle som er engasjerte i og/eller jobbar tett med barn og unge.

Ansvaret for at barn og unge får ein trygg og god oppvekst er heile samfunnets ansvar. Utfordringsbiletet er karakterisert av at det er vanskeleg å få til samarbeid mellom ulike sektorar, forvaltningsnivå og tenester. For å finne løysingar for barn og unge tidlegast mogleg, er samarbeid og samordning viktig. Innsikta om utfordringane og beskrivingane av problema er mange.

Initiativet til samfunnsoppdraget skal ta arbeidet med å finne løysingar eit godt stykke vidare sånn at vi lykkast betre med å inkludere barn og unge. Under webinaret spør vi derfor: Kva skal til for å lykkast med implementeringa av samfunnsoppdraget? 

Program

Kontaktperson

Falk Eidsvold Tøien

    RådgiverVelferd og utdanning

Meldinger ved utskriftstidspunkt 30. april 2024, kl. 17:20 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.