Grafisk bilde med linjer, blåfarger og dubinsform
Seminar

Korleis lykkast med å få støtte til eit innovasjonsprosjekt, med vekt på SkatteFUNN

Hvor:

ÅKP Blue Innovation Arena, NMK. Borgundvegen 340, Ålesund

Passer for:

Bedrifter i heile breidda av næringslivet

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

13. juni kl. 15:00

18. jun. kl. 10.00–12.30

Om arrangementet

Seminaret er eit tilbod til bedrifter i heile breidda av næringslivet som vil læra meir om kva som må vektleggjast for å få støtte til eit innovasjonsprosjekt frå Forskingsrådet. SkatteFUNN vil få størst merksemd, men det vil også bli orientert om moglegheitene som ligg i søknadstypen Innovasjonsprosjekt i Næringslivet (IPN). Det vil ila juni bli kunngjord ca. 1. mrd. kroner til IPN.  

Det vil i etterkant av møtet vil bli moglegheiter for individuelle samtalar med Forskingsrådet.

Seminaret er eit samarbeidet mellom Noregs forskingsråd, ÅKP og iKuben/Protomore.

Tilsvarande seminar blir gjennomført dagen før i Molde, 17.06.2024, kl. 1130 – 1400. Du finn dette arrangementet med påmelding her.


Innleiarar:

Oddvar Grim, Forskingsrådet, SkatteFUNN-sekretariatet

Arthur Almestad, Forskingsrådet, regionansvarleg, Møre og Romsdal og Oslo

Program

1000 – 1030:   Velkommen - kort om verkemidla til forskingsrådet for næringslivet og aktuelle utlysingar-spørsmål og dialog

1030 – 1045:   Kva er eit innovasjonsprosjekt med FoU-innhald? – Kort gjennomgang av prosjektkanvas

1045 – 1100:   Pause

1100 – 1140:   Ein gjennomgang av SkatteFUNN-ordninga og kva som må vektleggjast i ein søknad – Spørsmål og dialog

1140 – 1200:   Erfaringar med SkatteFUNN/Innovasjonsprosjekt - Presentasjon og dialog med to bedrifter.

1200 – 1230    Avslutning og lunsj

Moglegheiter for individuelle samtalar fram til kl. 1330

 

Kontakt

Arthur Almestad

    Nyskaping og regional utvikling

Meldinger ved utskriftstidspunkt 14. juni 2024, kl. 23.17 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.