Grafisk bilde med linjer, blåfarger og dubinsform
Seminar

Korleis lykkast med å få støtte til eit innovasjonsprosjekt, med vekt på SkatteFUNN

Hvor:

iKuben/Protomore, Britvegen 4, Molde

Passer for:

Bedrifter i heile breidda av næringslivet

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

13. juni kl. 15:00

17. jun. kl. 11.30–14.00

Om arrangementet

Seminaret er eit tilbod til bedrifter i heile breidda av næringslivet som vil læra meir om kva som må vektleggjast for å få støtte til eit innovasjonsprosjekt frå Forskingsrådet. SkatteFUNN vil få størst merksemd, men det vil også bli orientert om moglegheitene som ligg i søknadstypen Innovasjonsprosjekt i Næringslivet (IPN). Det vil ila juni bli kunngjord ca. 1. mrd. kroner til IPN.  

Det vil i etterkant av møtet vil bli moglegheiter for individuelle samtalar med Forskingsrådet.

Seminaret er eit samarbeidet mellom Forskingsrådet, iKuben/Protomore og ÅKP.

Tilsvarande seminar blir gjennomført i Ålesund dagen etter, 18.06.2024, kl. 1000 – 1230. Dersom det er meir formålstenleg å bli med i Ålesund finn du du dette arrangementet med påmelding her.

 

Innleiarar:

Oddvar Grim, Forskingsrådet, SkatteFUNN-sekretariatet

Arthur Almestad, Forskingsrådet, regionansvarleg, Møre og Romsdal og Oslo

Program

1130 – 1200:   Lunsj

1200 – 1230:   Velkommen - Forskingsrådets verkemiddel for næringslivet og aktuelle utlysingar– Spørsmål og dialog

1230 – 1245:   Kva er eit innovasjonsprosjekt med FoU-innhald?  Kort gjennomgang av prosjektkanvas

1245 – 1300:   Pause

1300 – 1340:   Ein gjennomgang av SkatteFUNN-ordninga og kva som må vektleggjast i ein søknad – Spørsmål og dialog

1340 – 1400:   Erfaringar med SkatteFUNN/Innovasjonsprosjekt - Presentasjon og dialog med to bedrifter.

1400:               Avslutning 

Moglegheiter for individuelle samtalar fram til kl. 1500

 

Kontakt

Arthur Almestad

    Nyskaping og regional utvikling

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. juni 2024, kl. 00.11 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.