Møte

Spørsmål og svar om INFRASTRUKTUR-utlysinga

Passer for:

Godkjende forskingsorganisasjonar og offentleg finansierte forvaltarar av forskingsinfrastruktur som samarbeider nært med norske forskingsorganisasjonar.

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

12. september kl 16.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

13. sep. 2023 kl. 10:00–11:30

Om arrangementet

I samband med utlysing av midlar til Nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur, med søknadsfrist 15. november 2023, arrangerer vi eit spørsmål og svar-webinar den 13. september for søkjarar.  

Vi legg ut nedlastbart søkjarkurs ca. to veker før. Dei som skal delta på webinaret, bør sjå dette søkjarkurset og setje seg godt inn i utlysinga før spørsmål og svar-webinaret 13. September. 

Vi gjer merksam på at alle som planlegg å søkje om midlar i INFRASTRUKTUR-utlysinga 15. november 2023, var nøydd til å levere skisse før 21. juni 2023. Ei oversikt over skissene me fekk inn, med relevans for dei ulike områda, er lista opp under. Inndelinga er gjort i samsvar med avkryssinga i innsende skisser. 

Meir utfyllande informasjon om kva dei ulike skissene handlar om finnar du i dokumentet Sammendrag av skisser 2023

Søknader om midlar frå Nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur er omfattande, og det er særskilde føringar knytt til denne søknadstypen. Desse vil bli presiserte i utlysinga, men vil også bli tydeleg kommuniserte i spørsmål og svar-webinaret. Vi har nettopp fått eit nytt norsk vegkart for forskingsinfrastruktur som er rettleiande med omsyn til kva Forskingsrådet vil prioritere gjennom denne utlysinga. 

Send gjerne inn spørsmål til oss i forkant av møtet til forinfra@forskningsradet.no. Det vil også vere mogleg å sende spørsmål fortløpande under webinaret ved å bruke chat-funksjonen i sendinga. Dersom du sender oss spørsmål på førehand, vil me kunna førebu eit best mogleg svar. Spørsmål vi ikkje rekk å svare på i møtet, vil vi svare på i eit eige dokument som vi publiserer på denne sida etter møtet.

Spørsmål og svar fra informasjonsmøtet om utlysning av midler til forskningsinfrastruktur 13.09.2023 (pdf)

Kontakt:

Meldinger ved utskriftstidspunkt 27. april 2024, kl. 09:19 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.