Spør KI-samtaleroboten vår
Bildet er en kombinasjon av to bilder, en blanding av en ki-generert illustrasjon av en kunstig hjerne og flere barn som lener seg konsentrert over ett bord i klasserommet.
Webinar

Frukostseminar om KI-satsinga med den rådgjevande ekspertgruppa til Forskingsrådet

Passer for:

Alle som er interesserte i KI-satsinga

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

20. desember kl. 08.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes og opptak blir tilgjengelig

Om arrangementet

I Forskingsrådet jobbar vi no med å lage planar for korleis vi best kan lyse ut 1 milliard til forsking og innovasjon på kunstig intelligens.

Sjå nettsida for Nasjonal satsing på kunstig intelligens

Tidlegare i haust har vi fått innspel gjennom møter og skriftlege innspel. Den rådgivande gruppa presenterte det første innspelet sitt på eit frukostmøte 30. november. Det vi har lurt på er: "Kva er forventinga til KI-satsinga og kva bør fotavtrykket etter KI-satsinga være i 2030?"

Alle innspela blir med oss vidare i utforminga av satsinga. Saman dannar dei grunnlaget for Styrets diskusjon om rammer for satsinga 6. desember 2023. Den rådgivande ekspertgruppa vil levere det andre innspelet sitt den 20. desember. I innspelet har dei lagt inn forslag til tiltak for å innfri forventningane dei har til KI-satsinga, presentert i det første notatet.  

På dette frukostmøtet vil ekspertgruppa presentere anbefalingane sine og vi i Forskingsrådet vil informere om korleis vi går vidare etter Styrets handsaming av saka.

Program

  • presentasjon av notat nummer to frå den rådgivande ekspertgruppa ved leiar av gruppa, Tanja Storsul
  • presentasjon frå Forskingsrådet om vegen vidare for KI-satsinga etter Styrets handsaming av saka
  • samtale i studio
  • spørsmål og svar

Møteleiar: Anne Kjersti Fahlvik, Forskingsrådet

Olaug Råd

Olaug Råd

    SpesialrådgiverMuliggjørende teknologier

Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. desember 2024, kl. 08.12 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.