Evaluering av matematikk, IKT og teknologi

Forskingsrådet evaluerer norsk forsking og høgare utdanning for å fremje kvalitet, relevans og effektivitet i forskinga. Fagevaluering av matematikk, IKT og teknologi har komme godt i gang. 57 administrative einingar og 243 forskargrupper er innmelde til fagevalueringa.

Dette skjer no

Det vil bli utnemnt seks til sju sektorspesifikke evalueringskomitear som skal evaluere innmelde administrative einingar frå UH- og instituttsektoren. I tillegg skal det rekrutterast ekspertar til 14 ekspertpanel som skal evaluere forskargruppene.  

Medlemmene i evalueringskomiteane vil vere internasjonale og ha brei vitskapleg kompetanse, både fagleg kompetanse og andre kvalifikasjonar som erfaring med leiing, strategi- og evalueringsarbeid og kunnskapsutveksling. Medlemmene i ekspertpanela skal vere internasjonalt leiande ekspertar innan matematisk, IKT og teknologisk forsking og innovasjon. Forskingsrådet har fått ei rekkje forslag til komité- og ekspertmedlemmer frå innmelde administrative einingar og forskargrupper som vil bli vurderte i arbeidet med å setje saman komiteane og panela. 

Terms of Reference (ToR) – frist 30. september 2023 

Innmelde administrative einingar har frist 30. september 2023 med å tilpasse mandatet (Terms of Reference) for evalueringa til eigne strategiske mål.

Eigenvurderingsskjema – frist 31. januar 2024 

Alle kontaktpersonar for innmelde administrative einingar skal i desse dagar ha fått eigenvurderingsskjema frå Forskingsrådet. Til høgre finn du lenkjer til eigenvurderingsskjemaa og mal for impact casar. Frist for å returnere eigenvurderingsskjema er 31. januar 2024.

Forskingsrådet arrangerte 4. oktober 2023 eit digitalt informasjonsmøte om eigenvurderingsskjemaa. Her finn du presentasjonen frå dette møtet.  

Slik går evalueringa føre seg

Forskingsrådet innleia arbeidet med å lage ein evalueringsprotokoll som beskriv roller, prosessar og ansvarsfordeling i evalueringsarbeidet. Protokollen (ligg i høyre kolonne) legg rammer for utforminga av evalueringsmandat for kvar enkelt institusjon ved å angi overordna evalueringsdimensjonar og felles evalueringskriterium.  

Hovudmålet med fagevalueringa er å vurdere kvaliteten på norsk forsking innanfor matematikk, IKT og teknologi, rammevilkåra for forskinga og relevansen på forskinga for sentrale samfunnsområde. Evalueringa skal resultere i tilrådingar til institusjonane, Forskingsrådet og departementa. 

Forskingsrådet evaluerer norske fagmiljø for å skape eit solid og oppdatert kunnskapsgrunnlag om norsk forsking og høgare utdanning i eit internasjonalt perspektiv. Slik kunnskap er nyttig for institusjonane som deltek i evalueringa, for oss som gir råd til styresmaktene om korleis forskinga bør utviklast vidare, og for styresmaktene som set mål og rammer for forsking og høgare utdanning. 

  • Informasjonsmøte 8. juni 2023: Video-opptak
  • Informasjonsmøte til miljøene om NIFU rapporter til EVALMIT: Video-opptak

Fase 1: Forme  evalueringsmandat 

Målet med  fase 1 er å forme ut evalueringsmandat for kvar enkelt institusjon. Institusjonane tek utgangspunkt i evalueringsprotokollen og tilpassar mandatet til institusjonen sine eigne strategiar og eigenart. Tidsrom: 2023.  

Fase 2: Datainnsamling 

I fase 2 arbeider institusjonane og Forskingsrådet med å samle inn data til evalueringa. Data blir delvis henta frå nasjonale databasar og delvis lokalt. Vi sørgjer for analysar av datagrunnlaget som skal bli brukt til å vurdere felles obligatoriske evalueringskriterium, mens institusjonane samlar inn andre data som skal bli brukt som grunnlag for å vurdere eigne strategiar. Tidsrom: 2023–2024. 

Fase 3: Data blir vurderte og evaluerte 

I fase 3 vil evalueringskomiteane vurdere dataa som er samla inn. Komiteane lagar ein rapport til kvar av institusjonane som blir evaluerte baserte på evalueringsmandatet for kvar enkelt institusjon. I tillegg vil komiteen skrive ei samanfattande vurdering av forskinga. Tidsrom: 2024. 

Tidsplanen kan bli endra.   

Oppfølging av evalueringa 

Kvar enkelt institusjon vil ha ansvar for å følgje opp tilrådingane som gjeld eigen institusjon. Forskingsrådet vil nytte vurderingane til evalueringa og tilrådingar i utviklinga av finansieringsverkemidla og i rådgiving overfor departementa.  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. mai 2024, kl. 22:03 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.