Evaluering av humaniora
Ei ny fagevaluering av humaniora startar opp i regi av Forskingsrådet hausten 2026 og går over to år. Målet er å vurdere kvaliteten på norsk forsking, rammevilkåra for humanistisk forsking i Noreg og relevansen på forskinga for sentrale samfunnsområde. Evalueringa skal resultere i tilrådingar til institusjonane, Forskingsrådet og departementa.
Vi har brukt resultata frå tidlegare evalueringar som grunnlag for forskingspolitiske råd til regjering og relevante departement og til å utvikle nye verkemiddel som til dømes Senter for framifrå forsking (SFF) og Unge forskartalent. Vi ønskjer også å leggje til rette for at evalueringane skal vere til nytte for utvikling av institusjonane sine eigne FoU-strategiar.
Etter gjennomførte evalueringar vil vi vurdere eigna tiltak for å følgje opp tilrådingane frå ekspertkomiteane. Vi vil i tillegg gå i dialog med aktuelle departement om strategisk oppfølging av evalueringane.
Prosessen framover
Vi kjem til å lage ein evalueringsprotokoll som beskriv roller, prosessar og ansvarsfordeling i evalueringsarbeidet. Denne skal vedtakast i porteføljestyret for banebrytande forsking i desember 2026. Protokollen vil definere evalueringseiningar, evalueringskriterium, prosess og leveransar i form av rapportar til Forskingsrådet og dei evaluerte einingane.
Etter påmeldingsfristen 20. august 2026, går vi i dialog med dei aktuelle miljøa på fakultetsnivå og/eller instituttleiing om utforming av eigenevaluering for innhenting av relevante evalueringsdata frå institusjonane. Vi vil også konsultere deltakarane i evalueringa om inndeling av administrative einingar i evalueringskomitear, og innhente forslag til fagekspertar.
Prosessen med utvikling av eigenevalueringsmålar vil vi gå gjennom hausten 2026 med mål å sende bestilling av eigenevalueringar til institusjonane ved årsskiftet 2026–2027 for evalueringa av humaniora og eitt år seinare for evalueringa samfunnsvitskap.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. oktober 2026, kl. 23.33 CEST